Fjerde Mosebok 10
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Dei skal du hava til å kalla lyden i hop med og til å varsla folket når lægret skal flytjast.
3 Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;
4 blæs de berre i ein, so skal styresmennene, hovdingane yver Israels-ættene, samla seg hjå deg.
5 Når de blæs alarm, so skal dei flokkane fara i veg som hev lægret sitt i aust;
6 når de blæs alarm andre gongen, so skal dei som ligg i sud, taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;
7 men når du vil kalla lyden i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurane og ikkje blåsa alarm.
8 Arons-sønene, prestane, er det som skal blåsa i dei. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk, frå ætt til ætt.
9 Og når de gjeng i strid i landet mot ein fiende som tek på dykk, so skal de blåsa alarm med lurane; då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug, so de vert berga for fiendane.
10 Og på glededagane dykkar og høgtidene og nymånedagane skal de låta i lurane når de ofrar brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk; eg er Herren dykkar Gud.
11 Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå vitnemåls-tabernaklet,
12 Då tok Israels-borni ut og for frå Sinai-øydemarki, dagsleid etter dagsleid, og skyi let seg ned att i Paran-øydemarki.
13 Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for dei.
14 Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;
15 yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,
16 og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.
17 So vart tabernaklet teke ned, og Gersons-borni og Merari-borni for i veg, dei som bar tabernaklet.
18 So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede'ur, som stod yver Rubens-flokken;
19 yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,
20 og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt De'uel.
21 So tok Kahats-borni i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine* reist tabernaklet.
22 So tok Efra'ims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efra'ims-flokken;
23 yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,
24 og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.
25 So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk; dei var attarst i fylkingi. Det var Akieser, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;
26 yver Asers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,
27 og yver Naftali-flokken Akira, son åt Enan.
28 Soleis var Israels-borni fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei tok ut,
29 sa Moses til Hobab, son åt Re'uel frå Midian, verfar hans Moses: No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel alt som godt er.
30 Hobab svara: Nei, eg vil fara heim til mitt eige land og mi eigi ætt.
31 Då sa Moses: Å nei, gakk ikkje frå oss! Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!
32 Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.
33 So for dei då frå Herrens fjell tri dagsleider fram, og Herrens paktkista for fyre dei alle tri dagane og leita etter ein kvilestad for dei.
34 Herrens sky stod yver dei um dagen når dei for ifrå lægret.
35 Og kvar gong kista tok i veg, sa Moses: Reis deg, Herre, so fiendane dine vert spreidde, og dei som hatar deg, flyr for di åsyn!
36 Og når ho let seg ned, sa han: Kom attende, Herre, til alle dei tusund Israels-ættene!