«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Fjerde Mosebok 1

1  So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptar-landet, då tala Herren til Moses i Sinai-øydemarki, i møtetjeldet, og sa:

2  De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner og skriva upp namni deira - alle karar, ein for ein,

3  frå tjugeårsalderen og uppetter; alle våpnføre menner i Israel skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.

4  Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinene i ætti.

5  So heiter dei mennene som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede'ur;

6  av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;

7  av Juda-ætti: Nahson, son åt Amminadab;

8  av Issakars-ætti: Netanel, son åt Suar;

9  av Sebulons-ætti; Eliab, son åt Helon;

10  av Josefs-sønene: Elisama, son åt Ammihud, av Efra'ims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti,

11  av Benjamins-ætti: Abidan, son åt Gideoni;

12  av Dans-ætti: Akieser, son åt Ammisaddai;

13  av Asers-ætti: Pagiel, son åt Okran;

14  av Gads-ætti: Eljasaf, son åt De'uel;

15  av Naftali-ætti: Akira, son åt Enan.

16  Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreættene sine, hovdingane yver Israels-ættene.

17  So henta Moses og Aron dei mennene som var namngjevne,

18  og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

19  soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra dei i Sinai-øydemarki.

20  Fyrst mynstra han dei som var frå sønene hans Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

21  so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.

22  So mynstra han dei som var ætta frå Simeons-sønene, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

23  so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.

24  So mynstra han dei som var ætta frå Gads-sønene, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

25  so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.

26  So mynstra han dei som var ætta frå Juda-sønene, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

27  so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.

28  So mynstra han dei som var ætta frå Issakars-sønene, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

29  so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.

30  So mynstra han dei som var ætta frå Sebulons-sønene, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

31  so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.

32  So mynstra han dei som var ætta frå Josefs-sønene: Då alle dei våpnføre av Efra'ims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

33  so var det fyrti tusund og fem hundrad mann;

34  og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

35  so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.

36  So mynstra han dei som var ætta frå Benjamins-sønene, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,

37  so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.

38  So mynstra han dei som var ætta frå Dans-sønene, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

39  so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.

40  So mynstra han dei som var ætta frå Asers-sønene, og då alle dei våpnføre av Asers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

41  so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.

42  So mynstra han dei som var ætta frå Naftali-sønene, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættegreiner,

43  so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.

44  Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingane var tolv i talet, ein for kvar ætt.

45  Og talet på dei av Israels-borni som vart mynstra etter ættgreinene sine, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,

46  var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra,

47  Levitane etter si fedreætt vart ikkje mynstra i hop med dei hine Israels-borni.

48  For Herren tala til Moses og sa:

49  Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hine Israels-borni.

50  Set levitane til å stella med tabernaklet som vitnemålet er gøymt i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal bera tabernaklet og all bunaden, og dei skal taka vare på tabernaklet og lægra seg rundt ikring det.

51  Når tabernaklet skal flytjast, so skal levitane taka det ned, og når det skal reisast, skal levitane setja det upp; kjem nokon framand* innåt, lyt han døy.

52  Israels-borni skal lægra seg i flokk, kvar i sitt eige læger og innmed si fana;

53  men levitane skal lægra seg kringum vitnemåls-tabernaklet, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitane som lyt gjera det som skal gjerast med vitnemåls-tabernaklet.

54  Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt Moses fyre.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23