Nehemjas bok 9
1 Fire og tjugande dagen i same månaden samla Israels-borni seg og heldt fasta, klædde i sekk og med mold på hovudet.
2 Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande og steig fram og sanna syndene sine og broti åt federne sine.
3 Ein fjordepart av dagen vart dei standande kvar på sin stad og lydde på dei som las upp or lovboki åt Herren deira Gud, og ein annan fjordepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.
4 Josva og Bani, Kadmiel, Sebanja, Bunni, Serebja, Bani og Kenani steig upp på den tramen som var gjord åt levitane, og dei ropa med høg røyst til Herren sin Gud.
5 Og levitane Josva og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sa: Reis dykk og lova Herren dykkar Gud frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt herlege namn, som er upphøgt yver alt lov og all pris!
6 Einast du er Herren. Du hev skapt himlane, himle-himlane og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i dei er; du held liv i alt saman, og himmelheren tilbed deg.
7 Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og henta han or Ur i Kaldea og gav han namnet Abraham.
8 Du såg at hjarta hans var trufast mot deg; difor gjorde du den pakti med han at du vilde gjeva ætti hans landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og ferisitane og jebusitane og girgasitane; og du heldt lovnaden din, av di du er rettferdig.
9 Du såg kor mykje vondt federne våre leid i Egyptar-land, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet.
10 Du gjorde teikn og under med Farao og alle mennene hans og alt folket i landet hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med dei; då vann du deg eit stort namn, som det syner seg enno i dag.
11 Du kløyvde havet for dei, og dei gjekk midt igjenom havet på turre grunnen; dei som elte dei, kasta du i djupet - dei sokk som stein i veldige vatn.
12 Du leidde dei i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti til å lysa for dei på den vegen dei skulde fara.
13 Du steig ned på Sinai-fjellet og tala med dei frå himmelen; du gav dei rette skipnader og trygge lover, gode fyresegner og bod.
14 Du kunngjorde din heilage sabbat for dei; du gav dei bod og fyresegner og lover gjenom Moses, tenaren din.
15 Du gav dei brød frå himmelen når dei var svoltne, og let vatn koma ut or berget for dei når dei var tyrste; og du sa til dei at dei skulde draga inn og eigna til seg det landet som du med handi i veret hadde svore at du vilde gjeva dei.
16 Men dei - federne våre - var ovmodige og hardnakka og høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei vilde ikkje lyda og kom ikkje i hug dei underi du hadde gjort for dei, men var hardnakka og valde seg ein hovding og vilde i trass fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som gjerne tilgjev; du er nådig og hjartemild, tolug og rik på miskunn - du slepte dei ikkje.
18 Dei støypte seg jamvel ein kalv og sa: Dette er din Gud, som førde deg upp frå Egyptar-land, og dei for med store spottingar.
19 Men endå var di miskunn so stor at du ikkje slepte dei i øydemarki; skystopulen veik ikkje frå dei um dagen, men leidde dei på vegen; ikkje heller veik eldstopulen frå dei um natti, men lyste for dei på den vegen dei skulde fara.
20 Du gav dei din gode Ande til å rettleida dei; du meinka ikkje munnen deira din manna, og du gav dei vatn når dei var tyrste.
21 I fyrti år forsytte du dei i øydemarki, so dei ingen ting vanta; klædi deira vart ikkje slitne, og føtene deira trutna ikkje.
22 Du gav dei rike og folk, som du skifte ut åt dei på alle leider; dei la under seg landet åt Sihon, kongen i Hesbon, og landet åt Og, kongen i Basan.
23 Du gjorde borni deira so mangmente at dei var som stjernone på himmelen i mengd, og førde dei inn i det landet du hadde lova federne deira at dei skulde koma inn i og få til odel og eiga.
24 So kom då borni deira og eigna til seg landet, og du bøygde dei som budde i landet - kana'anitane - i kne for dei og gav dei i deira vald, både kongane og folki der i landet, so dei kunde gjera med dei som dei vilde.
25 Dei tok faste byar og vann grøderik jord og eigna til seg hus som var fulle av alle gode ting, og uthogne brunnar, vinhagar og oljetre og aldetre i mengdevis; og dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store godleik.
26 Men so slo dei seg vrange og sette seg upp imot deg og kasta lovi di attum ryggen sin; dei drap profetane dine, som vara dei åt og vilde føra dei attende til deg, og dei gav utor seg stygge spottingar.
27 Då gav du dei i fiendevald, og fiendane trengde dei hardt; men når dei i si naud og trengsla ropa til deg, høyrde du det i himmelen, og i di store miskunn sende du dei frelsarar, som frelste dei frå fiendane deira.
28 Når dei so hadde fenge ro, gjorde dei atter det som du mislika, og du gav dei i fiendevald, so fiendane trælka dei; men når dei so på nytt lag ropa til deg, høyrde du det i himmelen og berga dei i di miskunn gong på gong.
29 Du vara dei åt og vilde få dei til å venda um til di lov; men dei var ovmodige og lydde ikkje bodi dine; dei synda mot lovene dine - dei som menneskja lever ved når ho held dei. I trass sette dei herdi imot og gjordest stivnakka og vilde ikkje lyda.
30 I mange år hadde du tolmod med dei og vara dei åt med din Ande gjenom profetane dine, men dei gav ikkje gaum etter det; då gav du dei framande folk i vald.
31 Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på dei og slepte dei ikkje; for du er ein nådig og miskunnsam Gud.
32 Og no, vår Gud, du store, veldige og agelege Gud, du som held di pakt og let di miskunn vara ved, lat det ikkje synast deg smått alt dette vonde som hev råma oss - kongane våre, hovdingane våre, prestane og profetane våre, federne våre og heile folket ditt - frå tidi åt assyrarkongane og til denne dag!
33 Men med alt det som hev kome yver oss, so er du rettferdig; for du hev vore trufast, men me hev fare gudlaust åt.
34 Kongane våre, hovdingane våre, prestane våre og federne våre hev ikkje halde seg etter lovi di; dei hev ikkje akta på bodi dine og dei åtvaringane du gav dei.
35 Og endå dei budde i sitt eige rike, og du hadde unnt dei so mykje godt og gjeve dei rådvelde yver dette vide og grøderike landet, tente dei deg ikkje og vende ikkje um frå si vonde åtferd.
36 Sjå, no er me trælar - i det landet du gav federne våre, so dei skulde njota fruktene som veks der, og alt det gode der er, der sit me no trælar.
37 Landet ber si rike grøda åt dei kongane som du sette yver oss for våre synder skuld, og dei råder etter eige tykke yver lekamane våre og feet vårt. Me er i stor naud.
38 Etter alt dette gjorde me ei fast pakt og skreiv henne upp; det vart sett innsigle på skrivet, og hovdingane, levitane og prestane våre skreiv under.