«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Nehemjas bok 6

1  No bar det so til at då Sanballat og Tobias og arabaren Gesem og dei andre uvenene våre fekk spurt at eg hadde bygt upp att muren, og at det ikkje fanst nokon brest i han meir - berre at eg til den tid ikkje hadde sett inn dører i portane -

2  då sende Sanballat og Gesem bod til meg med dei ordi: Kom, lat oss møtast i ein av landsbyane i Onodalen! Men dei tenkte berre på å gjera meg vondt.

3  Eg sende bod attende til dei og svara: Eg held på med eit stort arbeid og kann ikkje koma dit ned. Skulde kann henda arbeidet stogga av di eg slepte det or hendene og drog ned til dykk?

4  Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong svara eg dei på same vis.

5  Femte gongen sende Sanballat sveinen sin til meg med same bodet, og han hadde eit ope brev med seg.

6  Der stod skrive: Det gjeng det ordet millom folki - og Gasmu segjer det same - at du og jødane tenkjer på å gjera uppreist; difor er det du byggjer upp att muren; og du skal verta kongen deira, etter som røda gjeng.

7  Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut um deg i Jerusalem at du er konge i Juda. Desse rødone kjem nok snart attfor kongen; so kom no og lat oss samrådast!

8  Då sende eg bod til han med dei ordi: Slikt som det du talar um, hev ikkje hendt; det er noko du hev funne på sjølv.

9  For dei la seg alle ut um å skræma oss - dei tenkte at me då skulde verta trøytte og halda upp med arbeidet, so det ikkje vart fullført. Men styrk no du hendene mine!

10  Ein dag kom eg inn til Semaja, son åt Delaja Mehetabelsson, medan han heldt seg heime i huset sitt. Då sa han: Lat oss ganga saman inn i Guds hus, inst inn i templet, og lat oss stengja dørene til templet! For dei kjem og vil drepa deg - i denne natt kjem dei og vil drepa deg.

11  Men eg svara: Skulde ein mann som eg røma? Og korleis kunde ein mann som eg ganga inn i templet og endå få leva? Eg gjeng ikkje inn.

12  Eg skyna vel at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han las denne spådomen yver meg av di Tobias og Sanballat hadde leigt han til det.

13  Det hadde dei gjort med den tanken at eg skulde verta redd og gjera som han sa, og forsynda meg, so dei kunde få sett eit uord på meg og føra spott og skam yver meg.

14  Kom Tobias og like eins Sanballat i hug, min Gud, for desse gjerningane hans, og like eins Noadja, profetkvinna, og dei hine profetane som la seg ut um å skræma meg!

15  Muren vart fullførd den fem og tjugande dagen i elul månad, etter tvo og femti dagar var lidne.

16  Då alle uvenene våre fekk høyra det, og alle folki som budde ikring oss, fekk sjå det, då minka dei mykje i sine eigne augo, og dei skyna at det var med hjelp frå vår Gud dette verket var gjort.

17  I same tidi skreiv og stormennene i Juda ei mengd med brev som gjekk til Tobias, og frå Tobias kom det brev attende til dei.

18  For mange Juda-menner var i svore samband med han; sjølv var han måg til Sekanja Arahsson, og Johanan, son hans, hadde teke dotter åt Mesullam Berekjason til kona.

19  Dei nemnde og jamt for meg kor mykje godt det var med han, og mine ord bar dei allstødt atti han. Tobias sende brev og for å skræma meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23