Nehemjas bok 5
1 Men det reiste seg eit stort skrik frå folket og konone deira mot brørne deira, dei andre jødane.
2 Sume sa: Me og sønene og døtterne våre er mange; lat oss få korn, so me hev noko å eta og kann berga livet.
3 Andre sa: Åkrane og vinhagane og husi våre lyt me setja i pant, lat oss få korn til å døyva svolten med!
4 Og endå andre sa: Me hev lote låne pengar på åkrane og vinhagane våre, so me kunde greida skatten til kongen.
5 Er me er då ikkje av same kjøt og blod som brørne våre? Er ikkje borni våre jamgode med deira born? Men endå lyt me lata sønene og døtterne våre verta trælbundne - sume av døtterne våre hev alt vorte det - og me hev ikkje makt til å hindra det; for åkrane og vinhagane våre hev kome i annan manns eige.
6 Eg vart brennande harm då eg høyrde klageropi deira og desse ordi,
7 og etter at eg hadde samrådt meg med meg sjølv, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: So de krev renta av brørne dykkar de! So lyste eg til eit stort folkemøte mot dei,
8 og eg sa til dei: Me hev, so langt me rokk, kjøpt att dei av brørne våre - jødane - som var selde til heidningane, og so vil de selja brørne dykkar, og dei lyt selja til oss. Då tagde dei og visste ikkje kva dei skulde svara.
9 So sa eg: Det er ikkje rett det de no gjer. Burde de ikkje heller ferdast i otte for vår Gud, so ikkje heidningane, fiendane våre, skulde få grunn til å spotta oss?
10 Eg og brørne mine og sveinane mine hev og lånt dei pengar og korn - kjære, lat oss kvitta den skuldi!
11 Kjære dykk, lat dei i denne dag få att åkrane, vinghagane og oljehagane og husi sine, og gjev etter rentone av pengane og kornet og druvesafti og oljen som de hev lånt dei.
12 Dei svara: Ja, me skal gjeva det att og ikkje krevja noko av dei; me skal gjera som du segjer. Då kalla eg prestane innåt, og so let eg dei gjera eiden på at dei skulde halda lovnaden sin.
13 Eg riste jamvel bringelumma på kjolen min tom og sa: So skal det ganga kvar mann som ikkje held denne lovnaden; soleis skal Gud rista han ut or huset hans og eigedomen han hev vunne - so utor-rist og tom skal han verta! Og heile lyden sa: Amen! og dei prisa Herren. Sidan held folket seg etter det som då vart lova.
14 Det vil eg og nemna at frå den dagen eg vart sett til landshovding i Judea-landet, frå det tjugande til det trettiande av kongedømet åt Artaxerxes, i tolv år, hev korkje eg eller brørne mine mine note noko av den kosten som landshovdingen hadde rett til å krevja.
15 Dei fyrre landshovdingane, dei som var fyre meg, tyngde på folket, og tok avgifter av dei, fyrst i brød og vin og sidan fyrti sekel sylv; jamvel sveinane deira spela meister yver folket. Men eg gjorde ikkje so; for eg hadde age for Gud.
16 Sjølv tok eg hand med i arbeidet på denne muren, og nokor jordeign hev me ikkje kjøpt; og alle sveinane mine hev vore samla til arbeidet der.
17 Av jødane og forstandarane åt hundrad og femti mann ved mitt bord, umfram dei som kom til oss frå heidningfolki rundt ikring.
18 Det som vart tillaga for kvar dag, var ein ukse og seks utvalde sauer, umfram fuglar; alt dette kosta eg sjølv, og ein gong tiande kvar dag dessutan nøgdi av allslags vin. Like vel kravde eg ikkje den kosten som landshovdingen hadde rett til; for arbeidet låg tungt på dette folket.
19 Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg hev gjort for dette folket!