«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Nehemjas bok 13

1  Same dagen vart det lese upp for folket or Moseboki, og der fann dei det skrive at ingen ammonit eller moabit nokosinne måtte vera med i Guds lyd,

2  for di dei ikkje møtte Israels-borni med brød og vatn, og for di dei leigde Bileam imot dei, so han skulde banna dei - men vår Gud vende forbanningi um til velsigning.

3  Då dei no høyrde kva som stod i lovi, skilde dei alle framande ut or Israel.

4  Men ei tid fyrr det hende hadde Eljasib, presten, vorte sett til å hava tilsyn med romi i Guds hus. Han var skyld Tobias

5  og hadde stelt til eit stort rom åt han der som dei fyrr hadde lagt inn matofferet, røykjelsen og gognene og tiendi av kornet og druvesafti og oljen - det som levitane og songarane og dørvaktarane hadde rett til etter lovi - og den heilage prestereida.

6  Medan alt dette gjekk fyre seg, var eg ikkje i Jerusalem; for i det tvo og trettiande året av Artaxerxes' kongedøme i Babel kom eg attende til kongen. Men då det leid um ei tid, bad eg kongen um heimlov att;

7  då eg so kom til Jerusalem, vart eg vis med det vonde som Eljasib hadde gjort, med di han hadde stelt til eit rom åt Tobias i fyregardane til Guds hus.

8  Eg tykte svært ille um det og kasta all husbunaden hans Tobias ut or romet.

9  Sidan sa eg dei til å reinsa romi og fekk so lagt inn att gognene som høyrde til Guds hus, og matofferet og røykjelsen.

10  Eg fekk og vita at levitane ikkje hadde fenge dei reidone dei skulde hava, og at difor levitane og songarane, som skulde gjera tenesta, hadde gjenge sin veg og flutt ut kvar til sin gard.

11  Då skjemde eg på formennene og sa: Kvifor hev Guds hus vorte vanskøytt? So kalla eg dei saman og sette dei inn att, kvar på sin post.

12  Sidan kom heile Juda-lyden til upplagsromi med tiendi av kornet og druvesafti og oljen.

13  So sette eg presten Selemja og Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levitane, til å hava tilsyn med upplagsromi og gav dei Hanan, son åt Sakkur Mattanjason, til hjelpesmann; for dei hadde ord for å vera pålitande. Dei fekk no det yrket at dei skulde skifta ut reidone til brørne sine.

14  Kom meg i hug for dette, min Gud, og lat ikkje dei gode gjerningane mine verta utstrokne, dei som eg hev gjort for min Guds hus og tenesta der!

15  På same tid såg eg i Juda-landet folk som trødde vinpersone um sabbaten og førde heim kornband og leste dei på asni, og like eins vin og druvor og fikor og allslags varor og førde det til Jerusalem på sabbatsdagen. Eg vara dei åt den dagen dei selde desse matvarone.

16  Nokre Tyrus-menner som heldt til der, kom og med fisk og allslags varor og selde det um sabbaten til Juda-folket og det i Jerusalem.

17  Då skjemde eg på stormennene i Juda og sa til dei: Korleis kann de fara so stygt åt og vanhelga sabbaten?

18  Var det ikkje for di federne dykkar for soleis åt at vår Gud førde all denne ulukka yver oss og yver denne byen? Og no aukar de endå meir vreiden hans mot Israel med di de vanhelgar sabbaten!

19  Sidan vart det so at med same det tok til å myrkna i portromi i Jerusalem kvelden fyre sabbaten, sa eg frå at portane skulde stengjast, og at dei ikkje skulde opnast att fyrr sabbaten var liden. Eg sette nokre av sveinane mine på vakt ved portane og sa: Det må ikkje koma nokor vara inn på sabbatsdagen!

20  Kræmarane og folk som handla med allslags varor, gav seg då til utanfor Jerusalem um natti både ein og tvo gonger.

21  Eg vara dei åt og sa til dei: Kva tyder det at de gjev dykk til framfor muren um natti? Gjer de det ein gong til, so legg eg hand på dykk. Frå den tid kom dei ikkje meir dit um sabbaten.

22  Sidan baud eg levitane at dei skulde reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, so sabbatsdagen kunde haldast heilag. Kom meg i hug for dette og, min Gud, og miskunna meg etter din store nåde!

23  På den tid såg eg og dei jødane som hadde gift seg med kvinnor frå Asdod og Ammon og Moab.

24  Helvti av borni deira tala Asdod-mål eller tungemålet åt eit av dei andre folki - dei kunde ikkje tala jødisk.

25  Eg skjemde på dei og banna dei, ja, sume av dei slo eg og reiv dei i håret; so let eg dei gjera eiden ved Gud og sa: De må ikkje gjeva døtterne dykkar til sønene deira og ikkje henta konor åt sønene dykkar eller åt dykk sjølve millom døtterne deira!

26  Var det ikkje med sovore Salomo forsynda seg, han som var Israels konge? Millom dei mange folki fanst det ingen konge som han, og hans Gud hadde han kjær og sette han til konge yver heile Israel; men endå fekk dei framande kvinnone lokka han til å synda.

27  Og so skulde de få lov til å gjera so vond ei gjerning som å svika vår Gud med di de gifter dykk med framande kvinnor!

28  Ein av sønene åt Jojada, son åt Eljasib, øvstepresten, var måg åt Sanballat, horoniten; difor dreiv eg han burt frå meg.

29  Kom dei i hug, min Gud, for di dei hev vanæra prestedømet og pakti um prestedømet og levitane!

30  So reinsa eg dei for alt framandt, og eg gav fyresegner um det prestane og levitane skulde hava umsut med, kvar i sitt yrke,

31  og um veden som til fastsette tider skulde sendast til Guds hus, og um fyrstegrøda. Kom meg i hug for dette, min Gud, og rekna meg det til godes!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23