Nehemjas bok 12
1 No skal eg nemna dei prestane og levitane som for heim med Serubabel Sealtielsson og Josva: Seraja, Jirmeja, Esras,
2 Amarja, Malluk, Hattus,
3 Sekanja, Rehum, Meremot,
4 Iddo, Ginnetoi, Abia,
5 Mijamin, Ma'adja, Bilga,
6 Semaja, Jojarib, Jedaja,
7 Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Desse var hovdingar for prestane og for brørne sine på Josvas tid.
8 Levitane var: Josva, Binnui, Kadmiel, Serebja, Juda og Mattanja; det var han og brørne hans som styrde lovsongen,
9 medan Bakbukja og Unno, brørne deira, stod midt imot dei og greidde si tenesta.
10 Josva fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk sonen Eljasib, Eljasib fekk sonen Jojada,
11 Jojada fekk sonen Jonatan, og Jonatan fekk sonen Jaddua.
12 På Jojakims tid var dei prestane eg no skal nemna, hovdingar for ættene: For Seraja-ætti Meraja, for Jirmeja-ætti Hananja,
13 for Esras-ætti Mesullam, for Amarja-ætti Johanan,
14 for Meluki-ætti Jonatan, for Sebanja-ætti Josef,
15 for Harims-ætti Adna, for Merajots-ætti Helkai,
16 for Iddo-ætti Sakarias, for Ginnetons-ætti Mesullam,
17 for Abia-ætti Sikri, for Minjamins-ætti, for Moadja-ætti Piltai,
18 for Bilga-ætti Sammua, for Semaja-ætti Jonatan,
19 for Jojaribs-ætti Mattenai, for Jedaja-ætti Ussi,
20 for Sallai-ætti Kallai, for Amoks-ætti Eber,
21 for Hilkia-ætti Hasabja og for Jedaja-ætti Netanel.
22 I Eljasibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid vart ættehovdingane åt levitane uppskrivne, like eins prestane i styringstidi åt Darius, persaren.
23 Ættehovdingane åt Levi-borni vart uppskrivne i krønikeboki, alt fram til Johanan Eljasibssons dagar.
24 Hovdingane åt levitane var: Hasabja, Serebja og Josva Kadmielsson, og brørne deira stod midt imot dei og song Guds lov og pris, soleis som David, gudsmannen, hadde skipa det, ein flokk attmed hin.
25 Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesullam, Talmon og Akkub var dørvaktarar og heldt vakt yver upplagsromi innmed portane.
26 Desse levde på same tid som Jojakim, son åt Josva Josadaksson, og på same tid som Nehemias, landshovdingen, og presten Esras, den skriftlærde.
27 Då Jerusalems-muren skulde vigjast, henta dei levitane frå alle bustadene deira og førde dei til Jerusalem, so dei skulde halda vigsla og gledehøgtid med lovprising og song, med cymblar og harpor og citarar.
28 Og songar-sønene samla seg både frå kverven kring Jerusalem og frå landsbyane åt Netofa-buane
29 og frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet; for songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem.
30 Då prestane og levitane hadde reinsa seg og hadde reinsa folket og portane og muren,
31 let eg Juda-hovdingane stiga upp på muren. So skipa eg tvo store lovsong-korar og festfylgje. Den eine songarflokken gjekk til høgre ovanpå muren fram til Møkporten.
32 Etter dei gjekk Hosaja og helvti av Juda-hovdingane,
33 Asarja, Esras og Mesullam,
34 Juda, Benjamin, Semaja og Jirmeja
35 og like eins nokre prestesøner med lurar; det var Sakarja, son åt Jonatan, son åt Semaja, son åt Mattanja, son åt Mikaja, son åt Sakkur, son åt Asaf,
36 og brørne hans: Semaja og Asarel, Milalai, Gilalai, Ma'ai, Netanel, Juda og Hanani med spelgognene åt David, gudsmannen. Og Esras, den skriftlærde, gjekk fyre dei.
37 Dei gjekk yver Kjeldeporten og beint fram, upp troppene som ber til Davids-staden, der ein stig upp på muren ovanfor Davids hus, alt fram til Vassporten i aust.
38 Den andre songarflokken gjekk til den motvende sida, og eg fylgde etter med hi helvti av lyden, ovanpå muren, ovanfor Omnstårnet, burt til den breide muren,
39 so yver Efra'ims-porten, Gamleporten og Fiskeporten, framum Hananeltårnet og Meatårnet, alt fram til Saueporten; dei stana innmed Fengselsporten.
40 So stelte båe songarflokkane seg upp innmed Guds hus; eg var og der og helvti av formennene med meg,
41 og prestane Eljakim, Ma'aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja var der med lurane sine,
42 og Ma'aseja, Semaja, Eleasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Og songarane røysta i; det var Jisrahja som styrde songen.
43 Den dagen bar dei fram store offer og var glade; for Gud hadde gjeve dei ei stor gleda. Kvinnone og borni gledde seg og, og gledelåten i Jerusalem høyrdest lang leid.
44 Same dagen vart det sett inn menner som skulde hava tilsyn med upplagsromi for dei heilage reidone og fyrstegrøda og tiendene; der skulde dei samla det som kom inn frå bymarkene, og som prestane og levitane hadde rett til etter lovi. For det var stor gleda i Jerusalem av di prestane og levitane no gjorde tenesta i heilagdomen.
45 Og dei røkta det som røktast skulde i gudstenesta og med reinsingi; like eins røkta songarane og dørvaktarane tenesta si, soleis som David og Salomo, son hans, hadde sagt fyre.
46 For alt i gamal tid, i Davids og Asafs dagar, fanst det styrarar for songarane, og det vart sunge lov- og takkesongar til Gud.
47 Og i Serubabels og Nehemias' dagar gav heile Israel songarane og dørvaktarane det dei hadde rett til for kvar dag; dei kom til levitane med heilage gåvor, og levitane kom til Arons-sønene med heilage gåvor.