«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Nehemjas bok 11

1  Hovdingane åt folket budde i Jerusalem. Hitt folket kasta lut soleis at tiande kvar mann skulde bu i Jerusalem, den heilage byen, og hine ni tiandepartane i dei andre byane.

2  Og folket velsigna alle dei mennene som friviljugt busette seg i Jerusalem.

3  No skal eg nemna dei ættehovdingane i landet* som budde i Jerusalem, og dei som budde i Juda-byane, kvar på sin eigedom, i sine byar - av lekfolket i Israel og av prestane, levitane, tempelsveinane og etterkomarane etter Salomos tenarar.

4  I Jerusalem budde nokre av Juda-borni og av Benjamins-borni. Av Juda-borni: Ataja, son åt Ussia, son åt Sakarja, son åt Amarja, son åt Sefatja, son åt Mahalalel, av etterkomarane etter Peres,

5  og Ma'aseja, son åt Baruk, son åt Kol-Hose, son åt Hasaja, son åt Adaja, son åt Jojarib, son åt Sakarja, son åt Hassiloni.

6  Peres-borni som budde i Jerusalem, var i alt fire hundrad og åtte og seksti våpnføre menner.

7  Av Benjamins-borni var det: Sallu, son åt Mesullam, son åt Joed, son åt Pedaja, son åt Kolaja, son åt Ma'aseja, son åt Itiel, son åt Jesaja,

8  og etter han Gabbai-Sallai, i alt ni hundrad og åtte og tjuge.

9  Joel Sikrison var formannen deira, og Juda Hassenuason var den næst øvste i byen.

10  Av prestane var det: Jedaja Jojaribsson, Jakin

11  og Seraja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Akitub, forstandaren for Guds hus,

12  og brørne deira, som gjorde tenesta i huset, åtte hundrad og tvo og tjuge i talet, og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pelalja, son åt Amsi, son åt Sakarja, son åt Pashur, son åt Malkia,

13  og brørne hans, ættehovdingar, tvo hundrad og tvo og fyrti i talet, og Amassai, son åt Asarel, son åt Ahsai, son åt Mesillemot, son åt Immer,

14  og brørne deira, hundrad og åtte og tjuge dugande menner. Sabdiel, son åt Haggedolim, var formannen deira.

15  Av levitane var det: Semaja, son åt Hassub, son åt Asrikam, son åt Hasabja, son åt Bunni,

16  og Sabbetai og Josabad, som stod fyre utearbeidet ved Guds hus og båe høyrde til hovdingane åt levitane,

17  og Mattanja, son åt Mika, son åt Sabdi, son åt Asaf, songmeisteren, som røysta i med lovsongen ved bøni, og Bakbukja, den som var næst etter han av brørne hans, og Abda, son åt Sammua, son åt Galal, son åt Jeditun.

18  Levitane i den heilage byen var i alt tvo hundrad og fire og åtti.

19  Av dørvaktarane var det: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt hundrad og tvo og sytti.

20  Dei hine israelitane, prestane og levitane budde i alle dei andre Juda-byane, kvar på sin odel.

21  Tempelsveinane budde på Ofel, og Siha og Gispa var formennene deira.

22  Formannen for levitane i Jerusalem ved tenesta i Guds hus var Ussi, son åt Bani, son åt Hasabja, son åt Mattanja, son åt Mika, av Asafs-borni, songarane.

23  For det var gjeve påbod um det av kongen og gjort ein fast skipnad um det dei - songarane - hadde å gjera dag for dag.

24  Petahja Mesesabelsson, ein av etterkomarane etter Serah Judason, gjekk kongen til handa i alle saker som galdt folket.

25  Kjem me so til landsbyane med markene som høyrer til, so budde nokre av Juda-mennene i Kirjat-Arba og bygdene der ikring, i Dibon og bygdene der ikring, i Jekabse'el og grendene som høyrer til,

26  i Jesua og Molada og Bet-Pelet,

27  i Hasar-Sual, i Be'erseba og bygdene der ikring,

28  i Siklag, i Mekona og bygdene der ikring,

29  i En-Rimmon og Sora og Jarmut,

30  Sanoah, Adullam og grendene som høyrer til, Lakis med markene som høyrer til, og Aseka med bygdene der ikring. Soleis hadde dei sine bustader frå Be'erseba til Hinnomsdalen.

31  Benjamins-borni hadde sine bustader alt ifrå Geba: i Mikmas og Aja, i Betel med grendene der ikring,

32  i Anatot, Nob, Ananja,

33  Hasor, Rama, Gitta'im,

34  Hadid, Sebo'im, Neballat,

35  Lod, Ono og Timbremannsdalen.

36  Av levitane var det nokre lag frå Juda som kom til å høyra til Benjamin.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23