Nehemjas bok 10
1 Dei som skreiv under på dette skrivet med innsigli på, var: Nehemias Hakaljason, landshovdingen, og Sedekias,
2 Seraja, Asarja, Jirmeja,
3 Pashur, Amarja, Malkia,
4 Hattus, Sebanja, Malluk,
5 Harim, Meremot, Obadja,
6 Daniel, Ginneton, Baruk,
7 Mesullam, Abia, Mijamin,
8 Ma'asja, Bilgai og Semaja; dette var prestane.
9 Levitane var: Josva Asanjason, Binnui av Henadads-ætti og Kadmiel,
10 og brørne deira: Sebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan,
11 Mika, Rehob, Hasabja,
12 Sakkur, Serebja, Sebanja,
13 Hodia, Bani og Beninu.
14 Hovdingane åt folket var: Paros, Pahat-Moab, Elam, Sattu, Bani,
15 Bunni, Asgad, Bebai,
16 Adonja, Bigvai, Adin,
17 Ater, Hiskia, Assur,
18 Hodia, Hasum, Besai,
19 Harif, Anatot, Nobai,
20 Magpias, Mesullam, Hesir,
21 Mesesabel, Sadok, Jaddua,
22 Pelatja, Hanan, Anaja,
23 Hosea, Hananja, Hasub,
24 Hallohes, Pilha, Sobek,
25 Rehum, Hasabna, Ma'aseja,
26 Akia, Hanan, Anan,
27 Malluk, Harim og Ba'ana.
28 Hitt folket - prestane, levitane, dørvaktarane, songarane, tempelsveinane og alle dei som hadde skilt seg frå dei framande folki og vilde leva etter Guds lov, og like eins konone og sønene og døtterne deira, alle som visste og skyna noko -
29 dei heldt seg alle til stormennene millom brørne sine og gjorde ein dyr eid på at dei vilde fylgja Guds lov, som var gjevi gjenom Moses, Guds tenar, og at dei vilde akta vel på alle bodi frå Herren, vår Herre, og alle lovene og fyresegnene hans og leva etter dei,
30 at me ikkje skulde gjeva døtterne våre til dei framande folki og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønene våre,
31 at når dei framande folki kom med varone sine og allslags korn og vilde selja det på sabbaten, so skulde me ikkje kjøpa det av dei, korkje på sabbaten eller nokon annan helgedag, og at me kvart sjuande år skulde lata jordi kvila* og gjeva etter alle krav**.
32 Like eins tok me på oss den skyldnaden at me år um anna skulde gjeva tridjeparten av ein sekel i reida til tenesta i vår Guds hus -
33 til skodebrødi og det daglege matofferet og det daglege brennofferet, til offeri på sabbatane, nymånedagane og høgtidene og til takkofferi og til syndofferi som vart framborne til soning for Israel, og til alt arbeidet i vår Guds hus.
34 Og me - prestane, levitane og lyden - kasta lut um vedhaldet, korleis me etter ættgreinene våre år for år til fastsette tider skulde føra ved til vår Guds hus til brennefang på altaret åt Herren vår Gud, som fyreskrive er i lovi.
35 Me tok og på oss år for år å koma til Herrens hus med fyrstegrøda av jordi vår og dei fyrste mogne fruktene av alle tre,
36 like eins alt som frumbore er millom sønene våre og kløvdyri våre, som fyreskrive er i lovi, og å føra det som er frumbore av storfeet og småfeet vårt til vår Guds hus, til prestane som gjer tenesta i vår Guds hus.
37 Og det fyrste av gropet vårt og dei heilage reidone våre og trefrukt av alle slag, druvesaft og olje skulde me koma til prestane med, til kovane i vår Guds hus. Tiendi av jordi vår skulde me koma til levitane med, og levitane skulde sjølve krevja inn tiendi i alle jordbruksbyane våre.
38 Ein prest, ein av Arons-sønene, skulde vera med levitane når dei kravde inn tiendi, og sjølve skulde levitane føra tiendi av si tiend upp til vår Guds hus, til kovane i forrådshuset.
39 For både Israels-borni og Levi-borni skulde koma med den heilage reida av kornet og druvesafti og oljen til desse kovane*, der kjeraldi åt heilagdomen er, og der dei prestane som gjer tenesta, held til og like eins dørvaktarane og songarane. - Me skulde ikkje vanskøyta vår Guds hus.