«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Nehemjas bok 1

1  Soga åt Nehemias Hakaljason. I kislev månad, i tjugande året*, medan eg var i Susan-borgi,

2  bar det so til at Hanani, ein av brørne mine, kom dit saman med nokre andre menner frå Juda-landet*. Eg spurde dei då korleis det stod til med jødane - dei som hadde vore fangar, men endå var i live og hadde berga seg heim - korleis det stod til i Jerusalem.

3  Dei svara: Dei som att er av fangane, og som no bur i det landet, lid stor naud og vanæra. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er uppbrende.

4  Då eg fekk høyra slike tidender, sette eg meg ned og gret og syrgde i dagevis, og eg fasta og bad for åsyni åt Gud i himmelen;

5  eg sa: Å Herre Gud i himmelen, du store og agelege Gud, du som held di pakt og held uppe di miskunn mot dei som elskar deg og held bodi dine!

6  Lat øyra ditt vera grannhøyrt og augo dine opne, so du høyrer på bøni åt tenaren din, den som eg no bed for di åsyn dag og natt for Israels-borni, tenarane dine, medan eg sannar syndene som me - Israels-borni - hev gjort mot deg! Både eg og farsætti mi hev synda;

7  me hev fare ille åt mot deg og ikkje halde dei bodi og lovene og fyresegnene som du kunngjorde for Moses, tenaren din.

8  Kom i hug det ordet som du tala til Moses, tenaren din, då du sa: Fer de svikfullt åt, so vil eg spreida dykk millom folki;

9  men vender de um til meg og held bodi mine og lever etter dei, då skal eg, um so dei burtdrivne bland dykk er utmed verdsens ende, samla dei derifrå og føra dei til den staden eg hev valt til bustad åt namnet mitt.

10  Dei er då tenarane dine og folket ditt, som du hev fria ut med di store makt og di sterke hand.

11  Å Herre, lat øyra ditt vera grannhøyrt for bøni åt tenaren din og bøni åt tenarane dine, dei som gjerne vil ottast namnet ditt! Lat tenaren din hava lukka med seg i dag, og stell det so at han møter miskunn hjå denne mannen! - Eg var den gongen skjenkjarmeister hjå kongen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23