«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Nahum 2

1  Sjå der på fjelli føtene åt han som ber fagnadbod, han som forkynner fred! Haldt dine høgtider, Juda, og fullgjer dine lovnader! For aldri meir skal dei ugudlege draga inn i landet ditt, dei er utrudde alle saman.

2  Ein folke-øydar fer upp imot deg. Vakta vollane! Haldt utkik på vegen! Styrk dine lender, samla all di kraft!

3  For Herren vil reisa upp att stordomen åt Jakob liksom stordomen åt Israel, sidan ransmenner so hev herja dei og tynt vintrei deira.

4  Skjoldane åt kjempone hans er raudleta, stridsmennene er klædde i skarlak, vognene i logande stål den dagen han fylkjer dei, og spjot vert svinga.

5  På gatone rasar vognene fram, dei rusar av stad yver torgi; dei er å sjå til som logar, som eldingar fer dei fram.

6  Han kjem i hug sin gjæve menner; dei snåvar der dei gjeng, dei styrmer til bymuren, men skjoldtaket er reist.

7  Portane ut mot elvane vert opna, og kongsgarden er so redd at han skjelv.

8  Ja, domen stend fast: Ho* vert nækt, dragsa burt, og gjentone hennar græt liksom duvor** og slær seg for bringa.

9  I all si tid var Ninive lik ein dam full av vatn*. Men no flyr dei burt. Stogga! Stogga! - Nei, ingen snur seg.

10  Rana no sylv, rana no gull! Her tryt det ikkje på skattar, her er nøgdi av allskyns dyrverdige ting.

11  Tomt, tømt, uttømt! - hjartestøkk, kneskjelv og verk i alle lender, og alle andlet er eldande raude.

12  Kvar er no løvehiet, etarstaden åt ungløvone, der løva og løvemori gjekk, og løveungen, og ingen skræmde dei?

13  Kvar er løva, som rana so mykje som ungane vilde hava, og drap åt løvemøderne, ja fyllte upp holone sine med ran og hii sine med det ho reiv sund?

14  Sjå, eg kjem yver deg, segjer Herren, Allhers Gud. Vognene dine skal eg lata ganga upp i røyk, og dine unge løvor skal sverdet øyda. Eg skal rydja ditt rov ut frå jordi, og ingen skal meir høyra røysti åt dine sendebod.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23