«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Nahum 1

1  Dette er ei framsegn um Ninive, ei bok um syni hans Nahum, elkositen.

2  Herren er ein streng Gud og ein hemnar, ja, ein hemnar er Herren, og full av harm; Herren hemner seg på motmennene sine og gøymer på vreiden mot uvenene sine.

3  Herren er langmodig, men han er stor i kraft, og ustraffa let han aldri den skuldige vera. I uver og storm hev Herren sin veg, og skyene er dumba um føtene hans.

4  Han trugar havet og turkar det ut, alle elvane let han torna. Då visnar Basan og Karmel, og groren på Libanon visnar burt.

5  Bergi bivrar for han, og haugane brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som der bur.

6  Kven kann standa for hans vreide, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for han.

7  Herren er god, ei vern på trengsledagen. Han kjenner dei som trøystar seg til han.

8  Men ved ei sturtflod gjer han ende på staden der den byen* stend, og uvenene hans skal myrkret elta.

9  Kva er det de tenkjer ut mot Herren? Han skal gjera ende på dykk. Ikkje tvo gonger tarv trengsla koma.

10  For um dei og er ihopfløkte som klungerbuska og so fulle som deira fullskap kann gjera dei, so skal dei like fullt verta uppbrende som turr halm.

11  Frå deg* gjekk det ut ein mann** som tenkte ut vondt mot Herren, som la upp ugudlege råder.

12  So segjer Herren: Kor sterke og mange dei og mun vera, so skal dei like vel verta avskorne og kverva burt. Og um eg fyrr hev plaga deg*, so skal eg ikkje gjera det no meir.

13  For no vil eg brjota det åket han la på deg, og slita bandi dine.

14  Men um deg* byd Herren so: Aldri meir skal det verta fødd nokon som ber namnet ditt. Or huset åt guden din vil eg rydja ut både utskorne og støypte bilete. Ei grav vil eg bu til åt deg; for du er funnen for lett**.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23