«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Mika 7

1  Usæl eg! For meg hev det gjenge som når sumarfrukti er innhausta, som når ettersankingi etter vinhausten er slutt: det finst ikkje ei druva til å eta, ikkje ei einaste tidleg-fika som eg hev hug på.

2  Den gudlege er burtkomen or verdi, og det finst ingen ærleg mann millom menneski; alle i hop ligg dei på lur etter blod, kvar mann vil fanga bror sin i garnet sitt.

3  Med båe hender arbeider dei på å få det vonde til å sjå ut som godt; fyrsten kjem med krav, og domaren er til fals for pengar, og storkaren segjer kva han ynskjer, og soleis rengjer dei retten.

4  Den beste av dei er som ein klunger, den ærlegaste verre enn eit klungergjerde; dagen åt vaktmennene dine*, di heimsøkjing kjem, då vert dei rådville.

5  Tru ikkje på nokon som stend deg nær, lit ikkje på nokon ven! For henne som ligg i famnen din, må du vakta din munns dører!

6  For sonen vanvyrder far sin, dotteri set seg upp imot mor si, sonekona imot vermor si; ein manns husfolk er fiendane hans.

7  Men eg vil skoda etter Herren, eg vil venta på Gud som frelser meg; min Gud vil høyra meg.

8  Gled dykk ikkje yver meg, de mine fiendar! Når eg er falli, reiser eg meg upp att; når eg sit i myrker, er Herren ljos for meg.

9  Herrens vreide vil eg bera, for eg hev synda mot han - til dess han tek saki mi upp og hjelper meg til retten min; han skal leida meg ut i ljoset, eg skal sjå med fagnad på hans rettferd.

10  Og mine fiendar skal sjå det, og skam skal sveipa seg kringum dei som segjer til meg: Kvar er han, Herren din Gud? Augo mine skal sjå på dei med fysna, for då skal dei verta nedtrakka som skarn på gatone.

11  Det kjem ein dag då dei skal reisa murane dine upp att; den dagen skal grensone dine flytjast langt ut.

12  Den dagen skal dei koma til deg heilt frå Assur og byane i Egyptar-land og frå Egyptar-land og alt til elvi og frå hav til hav og frå fjell til fjell.*

13  Men landet skal [fyrst] verta ei audn for deira skuld som bur der, til løn for deira gjerningar.

14  Gjæt folket ditt med staven din, den buskapen som er din arv, som bur for seg sjølv i ein skog på Karmel! Lat dei beita i Basan og Gilead, som i gamle dagar.

15  Som i dei dagane då du drog ut or Egyptar-landet, vil eg lata deg få sjå underfulle ting.

16  Heidningfolk skal få sjå det og skjemmast ved alt sitt velde; dei skal verta nøydde til å leggja handi på munnen, øyro deira skal verta dauve.

17  Dei skal slikka mold liksom ormen, liksom makkane som aular på jordi, skal dei koma skjelvande fram or borgene sine; med redsla skal dei koma til Herren vår Gud, og dei skal ottast deg.

18  Kven er ein Gud som du, ein Gud som tek burt misgjerning og tilgjev brot for dei som er att av hans arv? Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid, for han hev hug til miskunn.

19  Han skal atter miskunna oss, han skal trakka ned våre misgjerningar. Du skal kasta alle syndene deira i havsens djup.

20  Du skal visa Jakob truskap og Abraham miskunn, soleis som du hev lova federne våre med eid i gamle dagar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23