«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Mika 6

1  Høyr no kva Herren segjer: Reis deg, før di sak for fjelli, og lat haugane høyra di røyst!

2  Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren hev sak med folket sitt, og med Israel gjeng han til doms.

3  Mitt folk, kva hev eg gjort deg, og kva hev eg trøytta deg med? Svara meg!

4  Eg førde deg då upp frå Egyptar-landet, og or trælehuset løyste eg deg ut; og eg sende Moses og Aron og Mirjam til å ganga i brodden for deg.

5  Mitt folk! Kom i hug det som Balak, kongen i Moab, var meint på, og det svaret som Bileam Beorsson gav han, det som hende på vegen frå Sittim til Gilgal, so du kann skyna Herrens rettferdige verk!

6  Kva skal eg koma fram for Herren med, bøygja meg med for Gud i det høge? Skal eg koma fram for han med brennoffer, med årsgamle kalvar?

7  Vil Herren hava hugnad i verar i tusundtal, i oljebekker i titusundtal? Skal eg ofra min fyrstefødde for mitt brot, mi livsfrukt til syndoffer for mi sjel?

8  Han hev sagt deg, menneske, kva som godt er; og kva krev Herren av deg anna enn at du skal gjera det som rett er, leggja vinn på kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud?

9  Herrens røyst ropar til byen, og etter visdom ser ditt namn*; høyr straffi og kven det er som hev fastsett henne!

10  Finst det endå i huset åt den gudlause skattar han hev vunne på gudlaus vis, og undermåls efa, som er bannstøytt?

11  Kann eg vera rein um eg brukar gudløyse-vekt og hev falske vektlodd i pungen?

12  Du by med rikfolk fulle av urett, og dei som bur der, talar lygn og hev ei falsk tunga i munnen!

13  So vil då eg og slå deg med fårlege sår, leggja deg i øyde for dine synder skuld.

14  Du skal eta, men ikkje verta mett, og tom skal du alltid kjenna deg; du kann flytja tingi dine, men du bergar dei ikkje, og det du bergar, skal eg gjeva åt sverdet.

15  Du skal så, men ikkje få hausta; du skal pressa oljebær, men ikkje få salva deg med olje; du skal pressa druvor, men ikkje få drikka vin.

16  For dei aktar vel på fyresegnene åt Omri og all åtferdi åt Akabs hus, og de fylgjer deira vedtekter, so eg lyt gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23