«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Mika 5

1  Men du, Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom Judas tusund*! Frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.

2  Difor gjev han dei yver i ulukka alt til den tid då ho som skal føda, hev født; då skal dei som er att av brørne hans*, få koma heim att saman med Israels-borni.

3  Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds høge namn; og dei skal sitja trygt, for no skal han vera stor alt til endane av jordi.

4  Og han skal vera fred. Når Assur kjem inn i landet vårt, og når han stig inn i slotti våre, so reiser me imot han sju hyrdingar, ja åtte menneskehovdingar,

5  og dei skal herja Assurs land med sverd og Nimrods land* alt inn i portane; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.

6  Då skal Jakobs leivning vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, som ei regnskur på gras, som ikkje biar på nokon og ikkje ventar på mannsborni.

7  Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningfolki, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar; ho trakkar ned og riv sund kvar ho fer fram, og det er ingen som bergar.

8  Høg vere di hand yver uvenene dine! Må alle fiendane dine verta utrudde!

9  Og det skal ganga so på den dagen, segjer Herren, at eg vil rydja ut alle hestane du hev, og øyda vognene dine;

10  eg vil rydja ut byane i landet ditt og riva ned alle borgene dine;

11  eg vil rydja ut all trolldom hjå deg, og folk som spår av skyene, skal ikkje lenger finnast hjå deg;

12  eg vil rydja ut or landet ditt dei utskorne bileti dine og biletsteinane dine, so du ikkje meir skal tilbeda det som hendene dine hev laga;

13  eg vil riva upp Astarte-bileti i landet ditt, og byane dine vil eg øyda.

14  I vreide og harm vil eg taka hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23