«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Mika 4

1  Men det skal verta so i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli og lyfta seg høgt yver alle haugane; og folkeslag skal strøyma upp på det.

2  Og mange folkeslag skal ganga av stad og segja: Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell og til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss sine vegar, og me ferdast på hans stigar! For frå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord frå Jerusalem.

3  Og han skal døma millom mange folkeslag og skifta rett for mektige heidningfolk, jamvel um dei bur langt burte. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar; folki skal ikkje lenger lyfta sverd mot kvarandre og ikkje lenger temja seg upp til krigsferd,

4  men kvar og ein skal sitja under sitt vintre og sitt fiketre, og ingen skal skræma dei; for Herrens, allhers Guds munn hev tala.

5  For alle folkeslagi ferdast kvart i sin guds namn; men me ferdast i Herrens, vår Guds namn æveleg og alltid.

6  På den dagen, segjer Herren, skal eg samla dei haltande og sanka i hop dei burtdrivne og dei som eg hev fare ille med,

7  og eg vil lata dei haltande vera ein rest som fær leva, og gjera dei som er drivne langt burt til eit mangment folk. Og Herren skal vera konge yver dei på Sions fjell frå no og til æveleg tid.

8  Og du hyrdingtårn*, du Sions dotters haug! Til deg skal det nå, ja, det skal koma det forne veldet, kongeveldet yver Jerusalems dotter.

9  Kvifor skrik du no so høgt? Finst det då ingen konge i deg, eller er rådgjevaren din komen burt, sidan rider hev teke deg, som ei kvinna i barnsnaud?

10  Vrid deg og anka deg, Sions dotter, som ei kvinna i barnsnaud! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og du skal koma heilt til Babel. Der skal du verta utfria, der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendane dine.

11  No hev mange folkeslag samla seg imot deg, og dei segjer: Gjev ho må verta vanhelga, so augo våre kann få sjå på Sion med lyst!

12  Men dei kjenner ikkje Herrens tankar og skynar ikkje hans rådgjerd, at han hev samla dei som kornband til treskjevollen.

13  Statt upp og tresk, du Sions dotter! For eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du skal knustra mange folk; og herfanget deira vil eg vigsla til Herren, og deira skattar til allheims drott.

14  No flokkar du deg saman, du flokke-dotter*! Vollar hev dei kasta upp imot oss; med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23