«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Mika 1

1  Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moreset i dei dagane då Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.

2  Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord med alt som på deg er! Og Herren, Israels Gud, vere vitne imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel!

3  For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og skrid fram yver høgdene på jordi.

4  Fjelli brånar under føtene hans, og dalane rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfor ein hamar.

5  Alt dette hender for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?

6  So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein stad der dei dyrkar vin; eg vil velta steinane hennar ned i dalen og leggja grunnvollane hennar berre.

7  Alle dei utskorne bileti hennar vil eg krasa, alle horegåvone hennar vil eg brenna upp med eld, og alle gudebileti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla dei i hop, og til horeløn skal dei atter verta.

8  For dette vil eg jamra og øya, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil setja i med jammerskrik som sjakalane og med syrgjelåt som strussane.

9  For såri hennar let seg ikkje lækja; for ulukka er komi radt til Juda, ho hev nått radt til porten åt folket mitt, til Jerusalem.

10  Kunngjer det ikkje i Gat, gråt ikkje der! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.

11  Far burt*, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut**. Jamringi i Bet-Haesel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.

12  For Marots-buane vrid seg i verk for lukka dei hev mist; for ulukka hev fare ned frå Herren, radt til porten i Jerusalem.

13  Spenn tråvaren for vogni, de Lakis - buar! Upphavet til syndi var du* for Sions dotter; for hjå deg vart Israels synder funne.

14  Difor lyt du gjeva frå deg Moreset-Gat; husi i Aksib vert ein svikal bekk for Israels kongar.

15  Endå ein gong skal eg lata dykk få ein eigarmann, de Maresa-buar! Til Adullam skal Israels stormenner koma.

16  Raka deg snaud i kruna, klypp håret av, i sorg yver borni dine, som var din hugnad! Raka deg so du vert snaud som gribben, for dei er førde burt ifrå deg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23