«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 9

1  So gjekk han ut i båten og for yver og kom til sin eigen by.

2  Då kom dei til han med ein lam mann, som låg i ei seng. Då Jesus såg trui deira, sa han til den lame: Ver hugheil, son! Syndene dine er tilgjevne.

3  Då var det nokre av dei skriftlærde som tenkte med seg: Denne spottar Gud!

4  Men Jesus såg tankane deira og sa: Kvi hyser de so vonde tankar i hjarta?

5  Kva er lettast å segja: Syndene dine er tilgjevne, eller: Statt upp og gakk?

6  Men so de skal vita at Menneskesonen hev makt på jordi til å tilgjeva synder - so segjer han til den lame: Statt upp, tak sengi og gakk heim att!

7  Då stod han upp og gjekk heim til seg.

8  Og då folket såg det, vart dei ottefulle og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt.

9  Då Jesus gjekk lenger fram, fekk han sjå ein mann som sat på tollbui - Matteus heitte han - og sa til han: Fylg meg! Og han stod upp og fylgde Jesus.

10  Då han so heldt måltid heime i huset sitt, kom mange tollmenn og syndarar og sette seg til bords med Jesus og læresveinane hans.

11  Farisearane såg det og sa til læresveinane: Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollmenn og syndarar?

12  Då Jesus høyrde det, sa han: Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt.

13  Gakk burt og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i. For eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.

14  Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: Korleis hev det seg at me og farisearane fastar so mykje, men dine læresveinar fastar ikkje?

15  Jesus svara: Kann bruresveinane syrgja medan dei hev brudgomen hjå seg? Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå dei; då skal dei fasta.

16  Ingen set ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; for boti riv med seg noko av sjølve plagget, og rifti vert større.

17  Og ikkje hev dei ny vin i gamle lerflaskor; for då rivnar flaskone, so vinen renn ned, og flaskone forferst; ny vin hev dei i nye lerflaskor; då held dei seg båe.

18  Medan han tala soleis til dei, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for han og sa: Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!

19  Jesus gjorde seg reidug og gjekk med han, og læresveinane og.

20  Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt han attantil og tok i ein av duskane på kjolen hans;

21  for ho tenkte med seg: Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.

22  I det same snudde han seg og såg henne. Då sa han: Ver hugheil, dotter! trui di hev hjelpt deg. Og kvinna vart god att i same stundi.

23  Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sa han til dei:

24  Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv. Men dei berre lo åt han.

25  Då hopen var driven ut, gjekk han inn og tok henne i handi, og gjenta stod upp.

26  Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygdene der ikring.

27  Då Jesus gjekk burt att, fylgde tvo blinde etter han og ropa: Gjer sælebot på oss, du Davids son!

28  Og då han var komen heim, gjekk dei etter han inn. Jesus sa til dei: Trur de at eg kann gjera det? Dei svara: Ja, herre!

29  Då tok han burtpå augo deira og sa: Det skal verta som de trur.

30  Og med ein gong kunde dei sjå. Jesus tala strengt til dei og sa: Sjå til at ingen fær vita det!

31  Men dei var ikkje fyrr komne ut, fyrr dei bar gjetordet hans ut yver alle bygder.

32  Med same dei gjekk ut, kom det nokre folk til han med ein mållaus mann, som hadde ei vond ånd i seg.

33  Då so den vonde åndi var drivi ut, tala den mållause. Og folk undra seg og sa: Aldri hev slikt vore set fyrr i Israel!

34  Men farisearane sa: Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper han til å driva djevlane ut.

35  Sidan gjekk Jesus kring i alle byar og bygder og lærde folket i synagogone deira og forkynte evangeliet um riket og lækte all sjukdom og vanhelsa.

36  Og då han såg folkehopen, tykte han hjarteleg synd um dei; for dei var ille medfarne og nedforkomne, som ein saueflokk utan hyrding.

37  Då sa han til læresveinane sine: Grøda er stor, men onnefolki er få.

38  Bed då han som eig grøda, at han vil senda arbeidsfolk til å hausta inn grøda si!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23