«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 8

1  Då han gjekk ned av fjellet, fylgde det mykje folk med han.

2  Best det var, kom ein som hadde spillsykja, og fall på kne for han og sa: Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg rein.

3  Jesus rette ut handi og tok burt på han og sa: Eg vil; vert rein! Då vart han med ein gong fri spillsykja, og rein.

4  Og Jesus sa til han: Sjå til at du ikkje segjer dette til nokon, men gakk burt og té deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt fyre, so du kann vitna for dei!

5  Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til han og sa:

6  Herre, drengen min ligg lam heime og lid hardt.

7  Jesus segjer: Skal eg koma og lækja han?

8  Herre, svara hovudsmannen, eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att!

9  For eg er ein mann som må lyda dei som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg; og segjer eg til ein av dei: Gakk! so gjeng han, og til ein annan: Kom! so kjem han, og til tenaren min: Gjer no det! so gjer han det.

10  Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sa til dei som var med han: Det segjer eg dykk for sant: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.

11  Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket;

12  men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.

13  So sa han til hovudsmannen: Gakk heim att! Det skal verta som du trudde. Og drengen vart god att i same stundi.

14  Då Jesus kom heim til Peter, såg han at vermor hans låg sjuk og hadde heteflagor.

15  So tok han henne i handi; då kvarv heteflagone burt, og ho stod upp og stelte for han.

16  Um kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde og hadde vonde ånder i seg, og han dreiv ut åndene med eit einaste ord, og alle som hadde vondt, gjorde han gode att.

17  Soleis skulde det sannast det som Esaias, profeten, hev tala, når han segjer: Han tok våre sotter på seg og bar våre sykjor.

18  Då Jesus såg at det hadde samla seg mykje folk ikring han, sa han til læresveinane: Lat oss fara yver til hi sida!

19  I det same kom ein skriftlærd mann til han og sa: Meister, eg vil fylgja deg kvar du fer.

20  Då svara Jesus: Revane hev hi, og fuglane i lufti hev reir, men Menneskesonen hev ingen stad han kann leggja sitt hovud nedpå.

21  Ein annan - ein av læresveinane hans - sa til han: Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min!

22  Men Jesus svara: Fylg du meg, og lat dei daude jorda sine daude!

23  So gjekk han ut i båten, og læresveinane var med.

24  Um eit bel vart det so hard sjø at bårone slo yver båten; men han låg og sov.

25  Då gjekk dei burt til han og vekte han og sa: Herre, hjelp! Me gjeng under!

26  Kvi er de so redde? sa han; kor lite tru de hev! So stod han upp og truga vinden og sjøen, og det vart blikende stilt.

27  Og folk undra seg og sa: Kva mann er dette, at både vind og sjø må lyda han?

28  Då han kom yver på hi sida, til Gadarenarbygdi, møtte han tvo forgjorde, som kom ut or gravholone; dei var so ville og vonde at ingen kunde koma fram den vegen.

29  Og best det var, sette dei i og ropa: Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å plaga oss fyre tidi?

30  Eit godt stykke ifrå gjekk ein stor svineflokk på beite.

31  So bad åndene: Driv du oss ut, so lat oss fara i svineflokken!

32  Gjer so då! svara han. Då for dei ut og for inn i svini. Og brått rusa heile flokken utyver stupet og ned i sjøen og drukna.

33  Gjætarane rømde, og då dei kom til byen, fortalde dei alt saman, og sa korleis det hadde gjenge med dei forgjorde.

34  Då gjekk alt byfolket ut imot Jesus, og då dei fekk sjå han, bad dei at han vilde fara burt ifrå bygdene deira.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23