Matteus' evangelium 7
1 Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter,
2 og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i.
3 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?
4 Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga!
5 Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.
6 Gjev ikkje hundane det som heilagt er, og kasta ikkje perlone dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda dei under føtene og snu seg og riva dykk sund.
7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!
8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed um brød,
10 eller ein orm når han bed um ein fisk?
11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ikkje Far dykkar i himmelen gjeva noko godt til dei som bed han!
12 Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot dei; for so er lovi og profetane.
13 Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der.
14 Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.
15 Tak dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei grådige ulvar.
16 På fruktene deira skal de kjenna dei; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar?
17 Soleis ber alle gode tre god frukt, men låke tre ber vond frukt.
18 Eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt.
19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.
20 So skal de då kjenna dei på fruktene.
21 Ikkje alle som segjer til meg: Herre! Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.
22 På den dagen skal mange segja til meg: Herre! Herre! hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?
23 Då skal eg segja dei beint ut: Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de som gjorde urett!
24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter dei, han vert lik ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg.
25 Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg.
26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter dei, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand.
27 Og regnet sila, og elvane fløymde, og vindane bles og sette mot huset; då datt det, og det vart eit stort fall då det datt.
28 Då Jesus hadde halde talen sin, då var folket reint upp i under yver læra hans.
29 For han lærde dei som ein som hadde velde, og ikkje som deira skriftlærde.