Matteus' evangelium 4
1 Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista han.
2 Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.
3 Og freistaren kom og sa til han: Er du Guds Son, so seg at desse steinane skal verta til brød!
4 Men han svara: Det stend skrive: Menneskja lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, og sette han ytst på tempeltaket, og sa til han:
6 Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: Han skal bjoda englane sine um deg at dei skal bera deg på hendene, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.
7 Jesus svara: Det stend og skrive: Du skal ikkje freista Herren din Gud.
8 So tok djevelen han med seg upp på eit ovhøgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa:
9 Alt dette gjev eg deg dersom du fell på kne og tilbed meg.
10 Då sa Jesus til han: Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: Herren, din Gud, skal du tilbeda; han og ingen annan skal du tena.
11 So for djevelen ifrå han, og med det same kom englar og tente han.
12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var sett i fengsel, drog han seg undan og for til Galilea.
13 Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,
14 so det skulde sannast det som er tala gjenom Esaias, profeten, når han segjer:
15 Sebulons og Naftalis land som ligg langs med sjøen, på hi sida åt Jordan, det heidne Galilea,
16 det folket som sat i myrker, hev set eit stort ljos; dei sat i daudens skoddeland, då rann for dei eit ljos.
17 Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sa: Vend um! Himmelriket er nær!
18 Som han no ein gong gjekk frammed Galileasjøen, fekk han sjå tvo brør: Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
19 Han segjer til dei: Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskefiskarar!
20 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde han.
21 Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedeus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla dei,
22 og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin og fylgde han.
23 Sidan for han ikring i heile Galilea og lærde folket i synagogone deira og forkynte evangeliet um riket og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå dei.
24 Det gjekk gjetord um han yver heile Syria, og dei kom til han med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plaga, både forgjorde og nedfallsjuke og lame, og han gjorde dei gode att.
25 Og det fylgde han ein stor folkehop frå Galilea og Dekapolis og Jerusalem og Juda-landet og bygdene på hi sida Jordan.