«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 3

1  I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Juda-heidi

2  og sa: Vend um! For himmelriket er nær.

3  Det er han Esaias, profeten, talar um når han segjer: Høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans!

4  Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning.

5  Då kom dei ut til han frå Jerusalem og frå heile Juda-landet og Jordan-kverven,

6  og han døypte dei i Jordan-åi, medan dei sanna syndene sine.

7  Mange av farisearane og saddusearane kom og til dåpen hans. Då han såg dei, sa han: Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar?

8  Ber då frukt som svarar til umvendingi,

9  og tru ikkje de kann tenkja som so: Me hev Abraham til far! for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinane.

10  Øksi ligg alt innmed roti på trei; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

11  Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.

12  Han hev kasteskovli i handi og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnene skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.

13  So kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og vilde få han til å døypa seg.

14  Men Johannes bar seg undan og sa: Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg!

15  Jesus svara: Lat det no vera so like vel! For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett. Då gjorde han som Jesus vilde.

16  Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for han, og han såg Guds Ande koma dalande ned yver seg som ei duva,

17  og ei røyst frå himmelen sa: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23