Matteus' evangelium 28
1 Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi.
2 Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på han.
3 Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø.
4 Vaktarane skalv av redsla for han, og vart liggjande som dei var daude.
5 Og engelen tala til kvinnone og sa: Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.
6 Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
7 Og skunda dykk so av stad og seg til læresveinane hans: Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilea; der skal de få sjå han! Sjå no hev eg sagt dykk det.
8 Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda; og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinane hans.
9 Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: Guds fred! Då gjekk dei innåt og fall på kne for han og tok kringum føtene hans.
10 Og Jesus sa til dei: Ver ikkje redde! Gakk og seg til brørne mine at dei skal fara til Galilea! Der skal dei sjå meg.
11 Medan dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen og fortalde øvsteprestane alt det som hadde hendt.
12 Då kom dei og styresmennene i hop og samrådde seg; og dei gav hermennene nok av pengar
13 og sa: Seg at læresveinane hans kom um natti og stal han burt medan de sov.
14 Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med han, og laga det so at de kann vera trygge.
15 So tok dei mot pengane, og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødane, og hev halde seg alt til denne dag.
16 Dei elleve læresveinane for til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt dei til å møtast med han.
17 Då dei fekk sjå han, fall dei på kne for han; men sume tvila.
18 Og Jesus steig fram og tala til dei og sa: Eg hev fenge all makt i himmelen og på jordi.
19 Gakk då ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,
20 og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!