«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 27

1  Det var morgon vorte då alle øvsteprestane og styresmennene sa daudedomen yver Jesus.

2  So batt dei han og førde han burt og gav han yver til Pilatus, landshovdingen.

3  Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvpeningane attende til øvsteprestane og styresmennene og sa:

4  Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk. - Kva skil det oss? Det vert di eigi sak, svara dei.

5  Då kasta han pengane frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.

6  Øvsteprestane tok pengane og sa: Det er ikkje rett å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.

7  So tok dei den rådi at dei for desse pengane kjøpte Krusmakar-åkeren til gravstad for framande.

8  Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.

9  Då vart det sanna det som Jeremias, profeten, hev tala, når han segjer: Og dei tok dei tretti sylvpeningane, verdet for den verdsette, han som dei verdsette for Israel,

10  og dei gav det for Krusmakar-åkeren, so som Herren baud meg.

11  So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: Er det du som er konge yver jødane? - Du segjer det sjølv, sa Jesus.

12  Men då øvsteprestane og styresmennene kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.

13  Då sa Pilatus til han: Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?

14  Men han svara han ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.

15  Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.

16  Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.

17  Då dei no hadde samla seg, sa Pilatus til dei: Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias?

18  For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til han.

19  Og medan han sat i domarsætet, sende kona hans bod til han og sa: Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.

20  Men øvsteprestane og styresmennene talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.

21  Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri? svara dei: Barabbas!

22  Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias? sa han. Då svara dei alle: Tak og krossfest han!

23  Kva vondt hev han då gjort? sa Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: Tak og krossfest han!

24  Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo hendene sine midt for augo på folkehopen og sa: Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!

25  Då svara heile folket: Blodet hans må koma yver oss yver borni våre!

26  So gav han dei Barabbas fri, men let Jesus hudflettast og gav han yver til hermennene sine, so dei skulde krossfesta han.

27  Hermennene åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum han.

28  So klædde dei av han og hengde på han ei skarlakskåpa,

29  og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og gav han ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort fall dei på kne for han spotta han og sa: Heil deg, jødekonge!

30  So sputta dei på han og tok røyrstaven og slo han i hovudet med,

31  og då dei hadde spotta han det dei vilde, tok dei av han kåpa og hadde på han hans eigne klæde, og so førde dei han burt og skulde krossfesta han.

32  På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.

33  Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -

34  gav dei han vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.

35  So feste dei han til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og kasta lut um dei,

36  og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver han.

37  Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot han; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødane.

38  Saman med han vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.

39  Dei som gjekk framum, hædde han og riste på hovudet og sa:

40  Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!

41  Sameleis spotta dei han både øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene og sa:

42  Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat han no stiga ned av krossen, so skal me tru på han.

43  Han leit på Gud; lat no Gud berga han dersom han hev hugnad i han! Han hev då sagt: Eg er Guds Son!

44  Jamvel røvarane som var krossfeste saman med han, spotta han på same visi.

45  Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet alt til den niande timen.

46  Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sa: Eli, Eli, lama sabaktani! Det er det same som: Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?

47  Då sa nokre av dei som stod der og høyrde det: Han ropar på Elias!

48  Og med det same sprang ein av dei fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein og let han få drikka.

49  Men dei hine sa: Venta! Lat oss sjå um Elias kjem og hjelper han!

50  Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst og gav ut åndi.

51  Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned, og jordi skalv, og bergi brast,

52  og gravene opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs levande upp,

53  og dei gjekk fram or gravene etter Jesus hadde stade upp att, og kom inn i den heilage staden og synte seg for mange.

54  Då hovudsmannen og dei som var med han og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sa: Dette var sanneleg Guds Son!

55  Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56  Millom dei var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedeus-sønene.

57  Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef og var frå Arimatea; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.

58  Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få lekamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata han få han.

59  Då tok Josef og sveipte lekamen inn i eit reint, fint linty

60  og la han i ei ny grav, som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi, og gjekk burt.

61  Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt for gravi.

62  Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk øvsteprestane og farisearane saman til Pilatus

63  og sa: Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sa medan han levde: Tri dagar etter stend eg upp att.

64  Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinane hans koma og stela han burt og so segja til folket: Han hev stade upp frå dei daude, og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.

65  Då sa Pilatus: Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!

66  So gjekk dei og sette vakti til å taka vare på gravi, etter dei hadde forsigla steinen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23