«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 26

1  Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sa han til læresveinane:

2  De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskesonen gjevast i hendene på uvenene sine og verta krossfest.

3  Då var det øvsteprestane og styresmennene for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kaifas -

4  og la yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå han i hel.

5  Men ikkje med helgi! sa dei; elles kunde det verta upplaup millom folket.

6  Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,

7  kom det ei kvinna burt til han med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.

8  Då læresveinane såg det, vart dei harme og sa: Kva skal slik øyding vera til?

9  Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.

10  Jesus gådde det og sa til dei: Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.

11  Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.

12  Då ho slo denne salven ut yver lekamen min, gjorde ho det for å bu meg til jordferdi mi.

13  Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.

14  Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til øvsteprestane

15  og sa: Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær han i dykkar makt? Då talde dei upp tretti sylvpeningar til han.

16  Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i hendene deira.

17  Den fyrste dagen i usyrdebrødhelgi kom læresveinane til Jesus og sa: Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?

18  Han svara: Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg til han: Meisteren helsar: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinane mine.

19  Og læresveinane gjorde som Jesus sa, og laga til påskemålet.

20  Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.

21  Og medan dei sat og åt, sa han: Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.

22  Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja han kvar for seg: Det er då vel ikkje eg, Herre?

23  Jesus svara: Den som rett no duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg.

24  Menneskesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um han, men ve yver den mannen som svik Menneskesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.

25  Då tok Judas, svikaren, til ords og sa: Det er då vel ikkje eg, rabbi? - No sa du det sjølv, svara han.

26  Medan dei sat til bords, tok Jesus brødet, signa det og braut det, og gav læresveinane og sa: Tak, og et! Dette er lekamen min.

27  Og han tok kalken og takka, og gav dei og sa: Drikk av det alle!

28  Dette er blodet mitt, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.

29  Eg segjer dykk at heretter kjem eg ikkje til å drikka av druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt Far min.

30  Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31  Då segjer Jesus til dei: I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.

32  Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilea.

33  Då tok Peter til ords og sa: Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.

34  Det segjer eg deg, for sant, svara Jesus: Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.

35  Men Peter sa: Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg. Like eins sa alle læresveinane.

36  So kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane. Då sa han til dei: Sit her medan eg gjeng der burt og bed!

37  Og han tok med seg Peter og båe Sebedeus-sønene, og tok til å syrgja og kvidast.

38  So segjer han til dei: Mi sjel er sorgtyngd reint til dauden; ver her og vak med meg!

39  So gjekk han eit lite stykke fram og la seg ned på kne og bad: Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!

40  Då han kom attende til læresveinane, såg han at dei sov. Då sa han til Peter: So var de ikkje god til å vaka ein time med meg!

41  Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.

42  So gjekk han burt att andre gongen og bad: Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!

43  Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.

44  Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.

45  So kom han att og sa til læresveinane: De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskesonen skal gjevast yver i syndarhender.

46  Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.

47  Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå øvsteprestane og styresmennene.

48  Svikaren hadde avtala eit teikn med dei og sagt: Den som eg kysser, han er det; han skal de taka!

49  Og med det same gjekk han fram til Jesus og sa: Heil og sæl, rabbi! og kysste han.

50  Jesus sa til han: Kvi er du her, venen min? So gjekk dei innåt og la hand på Jesus og greip han.

51  Då var det ein av dei som var med han, som tok og drog sverdet sitt og hogg til tenaren åt øvstepresten, so han sneidde av øyra hans.

52  Då sa Jesus til han: Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.

53  Eller trur du ikkje eg kunde beda Far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv legionar med englar?

54  Men korleis skulde då skriftene sannast, dei som segjer at dette lyt henda?

55  I same stundi sa Jesus til flokken: De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.

56  Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetane hev skrive. Då tok alle læresveinane ut og rømde ifrå han.

57  Dei som hadde gripe Jesus, førde han til Kaifas, øvstepresten; der hadde dei skriftlærde og styresmennene samla seg.

58  Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane for å sjå korleis dette vilde enda.

59  Øvsteprestane og heile rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt han frå livet;

60  men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Endeleg kom det tvo som sa:

61  Denne mannen hev sagt: Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.

62  Og øvstepresten reiste seg og sa til han: Svarar du ikkje på det som desse vitnar imot deg?

63  Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sa: Ved den levande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?

64  Og Jesus svara: Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Allmakti og koma i himmelskyene.

65  Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sa: Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.

66  Kva tykkjer de? Dei svara: Han er skuldig til å døy.

67  So sputta dei han i andletet og slo han, sume med nevane og sume med stavar,

68  og sa: Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg!

69  Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til han og sa: Du var og med Jesus, galilearen.

70  Men han neitta so alle høyrde det, og sa: Eg skynar ikkje kva du meiner.

71  So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå han, og sa til dei som var der: Han var og med Jesus, nasarearen.

72  Då neitta han atter og sa med ein eid: Eg kjenner ikkje den mannen.

73  Eit lite bel etter kom dei som stod der, innåt og sa til Peter: Ja menn er du og ein av dei! Det kann ein høyra på målet ditt.

74  Då sette han i og banna og svor: Eg kjenner ikkje den mannen! Og med det same gol hanen.

75  Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til han: Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger. Og han gjekk ut og gret sårt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23