Matteus' evangelium 25
1 Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampone sine og gjekk til møtes med brudgomen.
2 Fem av dei var dårlege og fem vituge.
3 Då dei dårlege tok lampone sine, tok dei ikkje olje med seg,
4 men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lampone sine.
5 Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot han!
7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampone sine.
8 Og dei dårlege sa til dei vituge: Lat oss få noko olje hjå dykk! Lampone våre sloknar.
9 Nei, svara dei vituge, det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.
10 Medan dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med han inn til brudlaupet; og døri vart stengd.
11 Då det leid um eit bel, kom dei hine møyane og, og sa: Herre, herre, lat upp for oss!
12 Men han svara: Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.
13 So vak då! For de veit korkje dag eller time.
14 Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn og flidde dei midelen sin:
15 ein gav han fem talentar, ein annan tvo, og den tridje ein talent, etter som kvar dugde til, og so for han or landet.
16 Den som fekk fem talentar, tok straks til å handla med dei, og vann seg fem talentar til.
17 Sameleis den som fekk tvo; han og vann tvo til.
18 Men den som fekk ein talent, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengane åt husbonden sin.
19 So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine.
20 Og han som hadde fenge fem talentar, gjekk fram og hadde med seg fem til og sa: Herre, du gav meg fem talentar; sjå her, eg hev vunne fem til!
21 Då sa husbonden til han: Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!
22 So gjekk han fram han som hadde fenge tvo talentar, og sa: Herre, du gav meg tvo talentar. Sjå her, eg hev vunne tvo til!
23 Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! svara husbonden. Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!
24 Sidan kom han som hadde fenge ein talent, og sa: Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde.
25 Difor vart eg redd, og so gjekk eg burt og gøymde pengane dine i jordi. Sjå her hev du ditt!
26 Då svara husbonden: Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde!
27 Skulde du ikkje då ha sett pengane mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim.
28 Tak ifrå han talenten og gjev han til den som hev ti!
29 For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
30 Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!
31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom, og alle englane med han, då skal han sitja i den glimande kongsstolen;
32 alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei åt, liksom hyrdingen skil sauene frå geitene,
33 og setja sauene på si høgre sida, og geitene på den vinstre.
34 So skal kongen segja til dei på høgre sida: Kom hit, de velsigna borni åt Far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt!
35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg;
36 eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.
37 Då tek dei rettferdige til ords og segjer til han: Herre, når hev me set deg svolten og metta deg, eller tyrst og kveikt deg?
38 Når hev me set deg heimlaus og hyst deg, eller naken og klædt deg?
39 Når hev me set deg sjuk eller i fengsel og lydt til deg?
40 Og kongen svarar: Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.
41 So segjer han til dei på vinstre sida: Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englane hans!
42 For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka;
43 eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, og de såg ikkje um meg.
44 Då tek dei og til ords og segjer: Herre, når hev me set deg svolten eller tyrst eller heimlaus eller naken eller sjuk eller i fengsel og hev ikkje tent deg?
45 Og han svarar: Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ikkje gjort mot meg heller.
46 So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit æveleg liv.