«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 24

1  Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinane fram og vilde syna han tempelbygningane.

2  Ja, ser de ikkje alt dette! svara han. Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.

3  Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinane fram til han og sa: Seg oss: Når skal alt dette ganga fyre seg, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!

4  Då svara Jesus: Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!

5  For mange skal taka mitt namn og segja: Eg er Messias, og føra mange på villstig.

6  De skal få høyra ufred og tidender um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen.

7  Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi;

8  men alt det er berre upptaket til føderidene.

9  Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.

10  Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre,

11  og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på villstig;

12  og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi.

13  Men den som held ut til endes, han skal verta frelst.

14  Og dette evangeliet um riket skal kunngjerast yver heile jordkringen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma.

15  Når de då ser at den øydande styggedomen, som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden - den som les det, han akte vel på det! -

16  då lyt dei som er i Juda-land, røma til fjells,

17  og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt,

18  og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!

19  Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane!

20  Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein sabbat de lyt røma!

21  For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller.

22  Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ikkje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt.

23  Um nokon då segjer til dykk: Sjå her er Messias, eller der, so må de ikkje tru det!

24  For det skal standa fram falske messias'ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd.

25  Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt!

26  Segjer dei no med dykk: Han er ute i øydemarki, so gakk ikkje der ut! eller: Han er inni koven, so tru det ikkje!

27  For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskesonen kjem.

28  Der åta er, vil ørnane sankast.

29  Men straks etter dei dagane og trengslone deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernone skal falla ned frå himmelen, og himmelkraftene skakast.

30  Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskesonen koma i himmelskyene med velde og stor herlegdom.

31  Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun.

32  Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinene, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær.

33  Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri.

34  Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.

35  Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.

36  Men den dagen og timen veit ingen, ikkje ein gong englane i himmelen - ingen utan Faderen åleine.

37  For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskesonen kjem:

38  liksom dei i dagane fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki,

39  og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok dei alle burt, so skal det vera når Menneskesonen kjem.

40  Då er tvo menn ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att.

41  Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att.

42  So vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43  Men det skynar de at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.

44  Difor lyt de og vera ferdige! Menneskesonen kjem på ei tid de ikkje ventar han.

45  Kvar er no den trugne og vituge drengen, som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva dei mat i rett tid?

46  Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem.

47  Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja han yver alt det han eig.

48  Men er drengen ein skarv og segjer med seg: Husbonden min vert lenge burte,

49  og han so tek til å slå dei hine tenarane og et og drikk i lag med drikkarar,

50  då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av,

51  og hogga han sund og lata han få sin lut i lag med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23