Matteus' evangelium 22
1 So tok Jesus til ords att og sa dei ei onnor likning:
2 Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde brudlaup åt son sin.
3 Han sende ut sveinane sine og kalla dei som var bedne til brudlaups; men dei vilde ikkje koma.
4 So sende han andre sveinar og sa: Seg til dei som er bedne: No hev eg stelt til brudlaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slakta, og alt er ferdigt. Kom no til brudlaups!
5 Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambui si;
6 og dei hine greip sveinane hans og svivyrde dei og slo dei i hel.
7 Då vart kongen harm. Han sende ut herane sine og gjorde ende på dråpsmennene og brende upp byen deira.
8 So sa han til sveinane sine: Alt er ferdigt til brudlaupet, men dei bedne var ikkje verde det.
9 Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til brudlaups alle dei de finn!
10 So gjekk sveinane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og brudlaupsstova vart full av gjester.
11 Då so kongen kom inn og vilde sjå gjestene, vart han var ein som ikkje var brudlaupsklædd.
12 Han segjer til han: Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje brudlaupsklædd? Men han kunde ingen ting svara.
13 Då sa kongen til bordsveinane: Bitt hender og føter på han og kasta han ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!
14 For mange er kalla, men få er utvalde.
15 Då gjekk farisearane burt og la råd um korleis dei skulde få fanga han i ord.
16 Dei sende læresveinane sine til han i lag med Herodes-mennene og let dei segja: Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk.
17 Seg oss no: Kva meiner du? er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?
18 Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sa: Kvi freistar de meg, hyklarar?
19 Lat meg sjå skattemynti! So flidde dei han ein sylvpening.
20 Kva er dette for eit bilete og namn? spurde han.
21 Det er keisarens, svara dei. Då sa han til dei: So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!
22 Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå han.
23 Same dagen kom det nokre saddusearar til han - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - og dei tok til å spyrja han og sa:
24 Meister, Moses hev sagt: Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.
25 No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren.
26 Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande.
27 Etter dei alle døydde kona.
28 Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.
29 Jesus svara: De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og ikkje Guds makt.
30 For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen.
31 Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ikkje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer:
32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei levande.
33 Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans.
34 So snøgt som farisearane fekk høyra at han hadde målbunde saddusearane, samla dei seg kringum han,
35 og ein av dei, som var kunnig i lovi, vilde freista han og spurde:
36 Meister, kva bod er det største i lovi?
37 Han svara: Du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit.
38 Det er det største og fyrste bodet.
39 Men det er eit anna som er like stort, og det er: Du skal elska næsten din som deg sjølv.
40 På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetane.
41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei åt:
42 Kva trur de um Messias? Kven er han son åt? - Åt David, svara dei.
43 Då sa han: Korleis kann då David i Anden kalla han herre, når han segjer:
44 Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar under føtene dine!
45 Kallar no David han herre, korleis kann han då vera son hans?
46 Men ingen kunde svara han eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til han.