«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 17

1  Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.

2  Då vart han forklåra for augo deira: andletet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset.

3  Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elias; dei stod og tala med han.

4  Då tok Peter til ords og sa til Jesus: Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg og ei åt Moses og ei åt Elias.

5  Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver dei, og or skyi kom det ei røyst som sa: Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på han!

6  Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg redde.

7  Jesus gjekk burt åt dei og tok i dei og sa: Reis dykk upp, og ver ikkje redde!

8  Men då dei såg upp, vart dei ikkje vare nokon utan Jesus åleine.

9  So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sa til dei: Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskesonen hev stade upp frå dei daude!

10  Då spurde læresveinane: Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elias koma?

11  Han svara: Elias kjem nok og skal setja alt i rett lag att;

12  men eg segjer dykk: Elias er alt komen, og dei kjendest ikkje ved han, men for åt med han som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskesonen.

13  Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til dei um.

14  Då dei hadde nått fram til folkehopen, kom det ein mann og fall på kne for han og sa:

15  Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden og tidt i vatnet.

16  Eg hev vore til læresveinane dine med han, men dei kunde ikkje gjera han god att.

17  Då tok Jesus til ords og sa: Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med han!

18  So tala Jesus strengt til han; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi.

19  Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinane til han og sa: Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?

20  Jesus svara: Av di de er so vantrune; for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: Flyt deg herifrå og dit! - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk.

21  Men dette slaget gjeng ikkje ut utan med bøn og fasta.

22  Medan dei ferdast kring i Galilea, sa Jesus til dei: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender,

23  og dei skal drepa han, men tridje dagen skal han standa upp att. Då vart dei ovleg sorgfulle.

24  Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sa: Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?

25  Jau, segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: Kva meiner du Simon? Kven tek kongane på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?

26  Av framande, svara Peter. So er borni skattefrie då, sa Jesus.

27  Men me vil ikkje arga dei - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på han, skal du finna ein stater; tak den og gjev dei for meg og deg!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23