Matteus' evangelium 16
1 Då kom farisearane og saddusearane og freista han, og bad at han vilde lata dei få sjå eit teikn frå himmelen.
2 Han svara: Um kvelden segjer de: Det vert godt ver; for himmelen er raud,
3 og um morgonen: I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk. Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda.
4 Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet. Dermed snudde han seg ifrå dei og gjekk burt.
5 Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinane å taka brød med seg.
6 So sa Jesus til dei: Sjå til at de tek dykk i vare for farisear- og saddusear-surdeigen!
7 Då tenkte dei med seg: Det er av di me ikkje tok brød med oss!
8 Jesus gådde det og sa: Kvi tenkjer de med dykk at det er av di de ikkje hev brød med, de fåtruande?
9 Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivane til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att,
10 og ikkje dei sju leivane til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att?
11 Kann de då ikkje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men akta dykk for farisear- og saddusear-surdeigen!
12 Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisearane og saddusearane.
13 Då Jesus var komen til bygdene kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinane sine: Kven segjer folk at Menneskesonen er?
14 Dei svara: Sume segjer: Johannes døyparen, andre: Elias, endå andre: Jeremias eller ein annan av profetane.
15 Kven segjer då de at eg er? spurde han.
16 Då tok Simon Peter til ords og sa: Du er Messias, den levande Guds Son.
17 Og Jesus sa til han: Sæl er du, Simon Jonasson! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men Far min i himmelen.
18 Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportane skal ikkje vinna yver henne.
19 Eg vil gjeva deg lyklane til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.
20 So forbaud han læresveinane å segja det til nokon at han var Messias.
21 Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinane at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennene og øvsteprestane og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa han, men tridje dagen skulde han standa upp att.
22 Peter tok han til sides og for til å telja for han og sa: Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!
23 Då snudde han seg imot Peter og sa: Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit stygge, for du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje.
24 Same gongen sa Jesus til læresveinane sine: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det.
26 Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men taper sjeli si? Eller kva hev mennesket å gjeva i byte for sjeli si?
27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort.
28 Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskesonen koma i sitt kongelege velde.