«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 15

1  So kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:

2  Kvi bryt læresveinane dine dei skikkane me hev etter dei gamle? dei tvær ikkje hendene fyrr dei gjeng til bords!

3  Og de, svara han, kvi bryt de Guds bod for skikkane dykkar skuld?

4  Gud hev sagt: Du skal æra far din og mor di, og: Den som bannar far sin eller mor si, skal døy.

5  Men de segjer: Når ein talar so til far sin eller mor si: Det som eg kunde ha hjelpt deg med, lyt eg gjeva til templet - so tarv han ikkje æra foreldri sine.

6  Soleis hev de gjort Guds bod um inkje for dykkar eigi læra, skuld.

7  De hyklarar! Esaias spådde sant um dykk då han sa:

8  Dette folket ærar meg med lippone, men hjarta deira er langt ifrå meg;

9  men dei dyrkar meg fåfengt, med di dei lærer folk det som er menneskebod.

10  So kalla han folket hit åt seg og sa til dei: Høyr etter og tenk på det eg segjer!

11  Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint, men det som gjeng ut or munnen, det er det som gjer mennesket ureint!

12  Då gjekk læresveinane fram og sa til han: Veit du at farisearane vart arge då dei høyrde det du sa?

13  Han svara: Kvar plante som ikkje Far min i himmelen hev sett, skal rivast upp med rot.

14  Bry dykk ikkje um dei! Dei er blinde vegleidarar for blinde; og når ein blind leider ein blind, so dett dei båe i grøfti.

15  Då tok Peter til ords og sa til han: Tyd oss den likningi du sa!

16  Han svara: Hev de endå ikkje betre vit, de heller?

17  Skynar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, gjeng ned i magen og fer ut der det skal?

18  Men det som gjeng ut or munnen, kjem frå hjarta, og det gjer mennesket ureint;

19  for frå hjarta kjem vonde tankar: manndråp, ekteskapsbrot, lauslivnad, tjuvskap, range vitnemål, gudsspotting.

20  Det er det som gjer mennesket ureint; men å eta med utvegne hender gjer ikkje mennesket ureint.

21  So for Jesus derifrå og tok vegen burt til bygdene kring Tyrus og Sidon.

22  Då kom det ei kananeisk kona ut frå dei grendene og ropa: Herre, Davids son, gjer sælebot på meg! Dotter mi er so ille plaga av ei vond ånd.

23  Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: Kjære, få henne frå deg! Ho ropar so etter oss.

24  Han svara: Det er berre dei forkomne sauene av Israels-huset eg er send til.

25  So kom ho og fall på kne for han og sa: Herre, hjelp meg!

26  Men han svara: Det er ikkje vent å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungane.

27  Det er sant, Herre, sa ho, men hund-ungane et då av dei molane som fell frå bordet åt herrane deira.

28  Då svara Jesus: Stor er trui di, kona! Du skal få det som du vil. Og dotter hennar vart god att i same stundi.

29  So tok Jesus på ei onnor leid og kom til Galileasjøen, og han gjekk upp i fjellet og sette seg der.

30  Då kom dei til han i store flokkar, og hadde med seg halte og blinde og mållause og kryplingar og mange andre, og la dei ned for føtene hans, og han gjorde dei gode att,

31  so folket undra seg då dei såg at mållause tala, og kryplingar vart friske og føre, og halte gjekk ikring, og blinde såg; og dei lova Israels Gud.

32  Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa: Eg tykkjer hjarteleg synd i folket; for no hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og dei hev ikkje noko å eta; og ikkje vil eg senda dei fastande frå meg; for då kunde dei ormektast på vegen.

33  Læresveinane svara: Kor skal me her i øydemarki få brød nok til å metta so stor ein hop?

34  Kor mykje brød hev de? spurde Jesus. Sju leivar, sa dei, og nokre få småfiskar.

35  Då let han folket setja seg ned på marki,

36  og han tok dei sju leivane og fiskane, og takka og bytte dei sund og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.

37  Då alle hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som att var; det var sju fulle korger.

38  Og det var fire tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.

39  Sidan bad Jesus farvel med folket og steig ut i båten og for til Magadanbygdi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23