Matteus' evangelium 14
1 Ved det leitet fekk Herodes, fylkeskongen, høyra gjetordet um Jesus.
2 Då sa han til mennene sine: Det er Johannes, døyparen! No hev han stade upp frå dei daude; difor tér det seg so underfulle krafter i han.
3 Herodes hadde teke Johannes og lagt han i bolt og jarn for Herodias skuld, kona åt Filip, bror hans.
4 For Johannes hadde sagt til han: Du må ikkje hava henne.
5 Og Herodes vilde helst ha slege han i hel, men han torde ikkje for folket; for dei heldt han for ein profet.
6 So var det årmålsdagen åt Herodes; og dotter åt Herodias dansa for dei, og Herodes tykte so godt um henne
7 at han lova og svor ho skulde få kva ho bad um.
8 Då fekk mori henne til å segja: Gjev meg hovudet åt Johannes døyparen, her, på eit fat!
9 Kongen vart ille ved, men for di han hadde svore, og for gjestene skuld, sa han at dei skulde lata henne få det,
10 og han sende ut folk og let dei hogga hovudet av Johannes i fengslet.
11 So kom dei med hovudet hans på eit fat og gav det til møyi, og ho gjekk til mor si med det.
12 Og læresveinane hans kom og tok liket og bar han til gravi; sidan gjekk dei til Jesus med bod um det som var hendt.
13 Då Jesus høyrde det, for han i ein båt burt til ein øydestad, so han kunde få vera åleine; men folket fekk spurt det og fylgde etter han landveges frå byane.
14 Då han steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop, og han tykte hjarteleg synd i dei og lækte dei som var sjuke.
15 Då det leid til kvelds, gjekk læresveinane burt til han og sa: Det er audt her, og dagen lid; send folket frå deg, so dei kann ganga burt i grendene og kjøpa seg mat!
16 Dei treng ikkje ganga burt, sa Jesus, gjev de dei mat!
17 Me hev ikkje anna fem brødleivar og tvo fiskar, svara dei.
18 Kom hit til meg med det! sa han.
19 So bad han folket setja seg i graset, og tok dei fem brødleivane og dei tvo fiskane, og såg upp imot himmelen og signa dei, og so braut han brødet og gav det til læresveinane, og læresveinane gav det til folket.
20 Alle åt og vart mette, og då dei samla upp dei stykki som att var, so vart det tolv fulle korger.
21 Og det var um lag fem tusund mann som hadde ete, umfram kvinnor og born.
22 Med same dette var gjort, nøydde han læresveinane til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, medan han bad farvel med folket.
23 Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.
24 Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjone; for vinden var imot.
25 Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot dei yver sjøen;
26 og då læresveinane såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sa: Det er eit skrymt! og dei var so redde at dei skreik.
27 Men i det same tala han til dei og sa: Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje redde!
28 Då tok Peter til ords og sa: Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet.
29 Kom du! svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.
30 Men då han såg det harde veret, vart han redd og tok til å søkka. Då ropa han: Herre, frels meg!
31 Og med det same rette Jesus ut handi og greip han og sa: Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?
32 So steig dei upp i båten, og vinden la seg.
33 Og dei som var i båten, fall på kne for han og sa: Ja, sanneleg er du Guds Son!
34 Då dei var komne yver, la dei til lands i Gennesaret.
35 Folket der i bygdi kjende han att og sende bod kringum i heile grannelaget. Då kom dei til han med alle som hadde vondt,
36 og dei bad um at dei berre måtte få taka i falden på kjolen hans; og alle som kom nær han, vart gode att.