«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 12

1  I den tidi gjekk Jesus på ein sabbat yver åkrane. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.

2  Då farisearane såg det, sa dei til han: Sjå læresveinane dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein sabbat!

3  Han svara: Hev de ikkje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med han,

4  at han gjekk inn i Guds hus og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennene hans, men berre prestane.

5  Eller hev de ikkje lese i lovi at prestane bryt helgi i templet på sabbaten og er endå skuldlause?

6  Men eg segjer dykk at her er det som er større enn templet.

7  Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: Det er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i, so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige.

8  For Menneskesonen råder yver sabbaten.

9  So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira.

10  Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei han: Tru det rett å lækja folk på ein sabbat? For dei vilde få noko å klaga han for.

11  Då sa han til dei: Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for han på ein sabbat?

12  Og kor mykje meir er ikkje eit menneske enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på sabbaten.

13  So segjer han til mannen: Rett fram handi! Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi.

14  Men farisearane gjekk ut og la råd um korleis dei skulde få rudt han or vegen.

15  Då Jesus vart vis med det, for han burt. Og det fylgde mange med han. Han lækte dei alle,

16  men forbaud dei strengt å gjera han kjend.

17  Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Esaias, profeten, når han segjer:

18  Sjå min tenar som eg hev valt ut, han som eg elskar, han min hjartehugnad! På han vil eg leggja Anden min, og han skal forkynna rett for heidningane.

19  Han skal ikkje tretta, ikkje ropa. Ingen skal høyra røysti hans i gatone.

20  Eit broste røyrstrå skal han ikkje brjota og ikkje sløkkja ein rjukande veik, fyrr han hev ført retten fram til siger;

21  og til hans namn skal heidningane setja si von.

22  Sidan kom dei til han med ein forgjord som var både blind og mållaus, og han gjorde han god att, so den mållause tala og såg.

23  Då vart alt folket reint upp i under og sa: Dette skulde vel ikkje vera Davids-sonen?

24  Då farisearane høyrde det, sa dei: Denne kunde ikkje driva ut dei vonde åndene, fekk han ikkje hjelp av Be'elsebul, hovdingen deira.

25  Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge.

26  Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa?

27  Og hjelper Be'elsebul meg til å driva ut dei vonde åndene, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva dei ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.

28  Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, so er då Guds rike kome til dykk.

29  Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignelutane hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han rana det som i huset er.

30  Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

31  Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneski, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast.

32  Og den som segjer eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving for det; men den som talar mot den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma.

33  Anten lyt de segja: Treet er godt, og frukti på det er god, eller og: Treet er låkt, og frukti på det er låk. For på frukti kjenner ein treet.

34  De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av.

35  Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på.

36  Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag,

37  for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.

38  Då tok nokre skriftlærde og farisearar til ords og sa: Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!

39  Han svara: Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten.

40  For liksom Jonas var tri dagar og tri næter i fiske-buken, soleis skal Menneskesonen vera tri jamdøger under jordi.

41  Ninive-mennene skal møta for domen saman med denne ætti og fella dei; for dei vende um då Jonas tala for dei, og her er meir enn Jonas.

42  Sud-lands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella dei; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.

43  Når den ureine åndi fer ut or eit menneske, flakkar ho yver vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen.

44  So segjer ho: Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor. Og når ho kjem der, finn ho det tomt og feia og fjelga.

45  Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det mennesket fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.

46  Medan han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna han.

47  Då so ein kom inn og sa det til han,

48  svara han: Kven er mor mi, og kven er brørne mine?

49  So rette han handi ut mot læresveinane sine og sa: Sjå der er mor mi og brørne mine!

50  For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23