«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 10

1  So kalla han til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt yver ureine ånder, so dei kunde driva dei ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa.

2  So er namni på dei tolv apostlane: Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans,

3  Filip og Bartolomeus, Tomas og Matteus, tollmannen, Jakob, son åt Alfeus, og Lebbeus, som hadde tilnamnet Taddeus,

4  Simon Kananeus og Judas Iskariot, den same som sveik han.

5  Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde dei og sa: Tak ikkje vegen til heidningane, og gakk ikkje inn i nokon av samaritanbyane!

6  Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset!

7  Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!

8  Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut vonde ånder! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det.

9  Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar,

10  ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd.

11  Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå han skal de vera til de tek ut att.

12  Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det,

13  og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst; men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk.

14  Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føtene dykkar.

15  Det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorra-landet likare enn den byen.

16  Sjå, eg sender dykk ut som lamb millom ulvar; ver då kloke som ormar og godtrugne som duvor!

17  Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolane og hudfletta dykk i synagogone sine,

18  og for landshovdingar og kongar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for dei og for heidningane.

19  Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi.

20  For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar i dykk.

21  Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine og valda at dei lyt døy.

22  Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.

23  Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byane i Israel fyrr Menneskesonen kjem.

24  Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin.

25  Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be'elsebul, kann so husfolket venta det betre?

26  Ver då ikkje redde dei! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent.

27  Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki.

28  Ottast ikkje dei som drep lekamen, men ikkje kann drepa sjeli! Ottast heller han som kann tyna både sjel og lekam i helvete!

29  Sel dei ikkje tvo sporvar for ein øyre? Og ikkje ein av dei fell ned på jordi utan Far dykkar vil.

30  Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde.

31  So ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.

32  Den som då kjennest ved meg for folk, han skal eg og kjennast ved for Far min i himmelen;

33  Men den som avneittar meg for folk, han skal eg og avneitta for Far min i himmelen.

34  De må ikkje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.

35  Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona,

36  og mannen skal få sin eigen huslyd til uvener.

37  Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,

38  og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg.

39  Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det.

40  Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som sende meg.

41  Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig.

42  Og den som gjev ein av desse små, um det er ikkje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23