«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Markus' evangelium 9

1  Det segjer eg dykk for sant, sa han: Sume av dei som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med makt.

2  Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter og Jakob og Johannes upp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira,

3  og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i denne verdi kunde ha gjort dei so kvite.

4  Og Elias synte seg for dei saman med Moses; dei stod og tala med Jesus.

5  Då tok Peter til ords og sa til Jesus: Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hytter, ei åt deg, og åt Moses, og ei åt Elias!

6  Han visste ikkje kva han skulde segja; for dei var fulle av otte.

7  So kom det ei sky og skygde yver dei, og or skyi kom det ei røyst: Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på han!

8  Men best dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå dei.

9  Då dei gjekk ned av fjellet, sa han til dei at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskesonen var staden upp frå dei daude.

10  Det ordet merka dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: "standa upp frå dei daude".

11  So spurde dei han: Segjer ikkje dei skriftlærde at fyrst lyt Elias koma?

12  Han svara: Ja, fyrst kjem Elias og set alt i rett lag att; og kva er det som stend skrive um Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje.

13  Men eg segjer dykk at Elias og er komen, og dei gjorde med han likt dei vilde, soleis som det er skrive um han.

14  Då dei kom til læresveinane, såg dei ein stor folkehop kringum dei, og nokre skriftlærde som var i ordkast med dei.

15  Og med same folkemengdi fekk sjå han, vart dei reint forstøkte, og sprang imot han og helsa.

16  Kva er det de dregst med dei um? spurde han.

17  Då svara ein av folket: Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg;

18  når ho tek tak i han, riv ho og slit i han, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinane dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ikkje god til.

19  Då tok Jesus til ords og sa: Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med han!

20  So leidde dei guten burt til han, og med det same han såg Jesus, reiv åndi i han, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud.

21  Kor lenge hev han havt det so? spurde Jesus. Faren svara: Frå han var eit lite barn;

22  og ofte hev åndi kasta han både i elden og i vatnet for og vilja gjort ende på han. Men er det mogeleg for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss!

23  Um det er mogeleg for meg -? svara Jesus. Alt er mogeleg for den som trur!

24  Straks ropa far åt barnet: Eg trur! Hjelp mi vantru!

25  Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine ånda og sa: Du mållause og dauve ånd, far ut or han, segjer eg, og far aldri i han meir!

26  Då hua ho og reiv hardt i guten, og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sa: Han hev slokna!

27  Men Jesus tok han i handi og vekte han; då reiste han seg upp.

28  Då Jesus var komen i hus, og læresveinane var åleine med han, spurde dei: Kvi kunde ikkje me driva ut åndi?

29  Han svara: Dette slaget kann ikkje drivast ut på anna vis enn med bøn og fasta.

30  So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilea. Men han vilde ikkje at nokon skulde vita det;

31  for han lærde sveinane sine og sa: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender, og dei skal drepa han; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.

32  Men dei skyna ikkje det ordet, og torde ikkje spyrja han.

33  So kom dei åt Kapernaum, og då han var heime att, spurde han dei: Kva var det de tala um på vegen?

34  Dei tagde, for på vegen hadde dei tala med einannan um kven som var størst.

35  Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sa til dei: Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!

36  So tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei, og tok det i fang og sa til dei:

37  Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.

38  Johannes sa til han: Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud han det, for di han ikkje var i fylgje med oss.

39  De skal ikkje forbjoda han det, sa Jesus; for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg;

40  den som ikkje er imot oss, er med oss.

41  For den som gjev dykk ei skål med vatn å drikka for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst.

42  Men den som freistar nokon av desse små som trur, for han var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han vart kasta i havet.

43  Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe hendene dine og kjem i helvete, i den usløkkjande elden,

44  der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.

45  Og dersom foten din freistar deg, so hogg han av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føtene dine og vert kasta i helvete,

46  der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.

47  Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvete,

48  der ormen deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.

49  For kvart menneske skal saltast med eld, liksom kvart offer vert salta med salt.

50  Salt er ein godt; men vert saltet saltlaust, kva vil de då salta med? Hav salt i dykk sjølve, og haldt fred med kvarandre!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23