Markus' evangelium 8
1 Ein gong ved det leitet var det atter mykje folk samla, og dei hadde ingen ting å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:
2 Eg ynkast yver folket! No hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og hev ingen ting å eta.
3 Let eg dei fara fastande heim att, so kjem dei til å ormektast på vegen; og sume av dei hev kome lange vegar.
4 Kvar kann ein få brød frå til å metta alle desse, her i øydemarki? svara læresveinane.
5 Kor mange brød hev de? spurde Jesus. Sju leivar, sa dei.
6 Då let han folket setja seg ned på marki, og han tok dei sju leivane og takka og braut dei sund og gav dei til læresveinane, so dei skulde setja dei fram; og dei sette dei fram for folket.
7 Og dei hadde nokre få små fiskar; dei velsigna han og, og sa at dei skulde setja dei fram.
8 Då dei hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som låg att; det vart sju korger.
9 Og der var um lag fire tusund mann. So bad han farvel med dei.
10 Straks etter gjekk han i båten med læresveinane og for til Dalmanuta-bygdi.
11 Dit kom farisearane og, og dei tok til å ordkastast med han, og kravde eit teikn frå himmelen av han; for dei vilde freista han.
12 Då sukka han i si ånd og sa: Kvi krev denne ætti eit teikn? Det segjer eg dykk for sant: Aldri skal denne ætti få noko teikn!
13 Dermed gjekk han ifrå dei og steig ut i båten att, og for yver sjøen.
14 Dei hadde gløymt å taka brød med seg; ein leiv var alt dei hadde med seg i båten.
15 So vara han dei åt og sa: Sjå dykk fyre, og akta dykk for surdeigen åt farisearane og surdeigen åt Herodes!
16 Då tala dei seg imellom: Det er av di me ikkje hev brød med oss.
17 Jesus gådde det og sa til dei: Kvi talar de dykk imillom um at de ikkje hev brød med? Ser og skynar de endå ingen ting? Er de so tungnæme?
18 Hev de augo og ser ikkje? Hev de øyro og høyrer ikkje? Kjem de då ikkje i hug
19 den gongen eg braut dei fem brødleivane og gav åt dei fem tusund - kor mange korger fulle av brødstykke tok de då upp? - Tolv, svara dei.
20 Og då eg braut dei sju leivane og gav åt åt dei fire tusund, kor mange fulle brødkorger tok de då upp? - Sju, svara dei.
21 Skynar de endå ingen ting? sa han då.
22 So kom dei åt Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til han, og bad at han vilde røra ved han.
23 Då tok han den blinde i handi og leidde han ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin og la hendene på han og spurde: Ser du noko?
24 Mannen såg upp og sa: Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar.
25 So la Jesus endå ein gong hendene på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt.
26 Jesus sende han heim att og sa: Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon der!
27 Sidan for Jesus og læresveinane hans burt til grendene kring Cæsarea Filippi. Og på vegen spurde han dei: Kven segjer folk at eg er?
28 Dei svara: Sume segjer Johannes døyparen, og sume Elias, men andre ein av profetane.
29 Kven segjer då de at eg er? spurde han. Då tok Peter til ords og svara: Du er Messias!
30 Men det forbaud han dei strengt å tala til nokon um.
31 So tok han til å læra dei at Menneskesonen laut lida mykje og verta vanda av dei styresmennene øvsteprestane og dei skriftlærde, og at han laut lata livet, men tri dagar etter skulde han standa upp att.
32 Og det sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å telja for han.
33 Men han snudde seg, og då han såg læresveinane sine, tala han strengt til Peter og sa: Gakk ut or augo mine, Satan! Du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje.
34 So kalla han folket til seg saman med læresveinane sine og sa: Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og taka krossen sin upp og fylgja etter meg.
35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det.
36 Kva batar det eit menneske um han vinn heile verdi, men taper sjeli si?
37 For kva kann mennesket gjeva i byte for sjeli si?
38 For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og syndige ætti, han skal og Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englane.