Markus' evangelium 7
1 Farisearane og nokre skriftlærde, som var komne frå Jerusalem, samla seg ein gong kring Jesus.
2 Då fekk dei sjå at nokre av læresveinane hans åt maten sin med vanheilage - dei meinte: utvegne - hender;
3 og farisearane og alle jødar tvær alltid hendene vel fyrr dei et; det er ein skikk dei hev frå dei gamle, og den held dei fast på;
4 og når dei kjem frå torget, et dei ikkje fyrr dei hev skvett vatn yver seg; og mykje anna er det som hev vorte sed og skikk hjå dei, som å skylja koppar og krus og koparkjelar og benker.
5 So kom då farisearane og dei skriftlærde og spurde han: Kvi fylgjer ikkje læresveinane dine dei skikkane me hev frå dei gamle, men et maten sin med vanheilage hender?
6 Han svara: Esaias spådde sant um dykk, hyklarar, som det stend skrive: Dette folket ærar meg med lippone, men hjarta deira er langt burte frå meg,
7 men dei dyrkar meg fåfengt, med di dei lærer folk det som er menneskebod.
8 De ansar ikkje Guds bod, men held dykk etter menneskelærdom.
9 Å jau, det er rett fint åtfare, sa han, at de gjer Guds bod um inkje, so de kann fylgja skikkane dykkar!
10 Moses hev sagt: Du skal æra far din og mor di, og: Den som bannar far sin eller mor si, skal døy.
11 Men de segjer: Når ein mann talar so til far sin eller mor si: Det som eg kunde ha hjelpt deg med, skal vera ein korban - det er: ei tempelgåva -
12 so let de han ikkje lenger få lov til å gjera noko for foreldri sine.
13 Soleis gjer de Guds ord um inkje med skikkane dykkar, som de hev lært folk. Og slikt gjer de mykje av.
14 So kalla han folket til seg att og sa til dei: Høyr på meg alle, og tenk på det eg segjer!
15 Det finst ingen ting utanfor mennesket som kann gjera han urein; men det som kjem ut or mennesket, det er det som gjer han urein.
16 Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med!
17 Då han var komen inn og hadde skilst ifrå folket, spurde læresveinane han um dette ordtøket.
18 Er de og so uvituge? svara han. Skynar de ikkje at det som kjem inn i mennesket utantil, kann aldri gjera han urein?
19 For det kjem ikkje inn i hjarta hans, men i buken, og fer ut att der det skal; soleis vert all føda rein.
20 Men det som gjeng ut or mennesket, sa han, det gjer han urein.
21 For innantil, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: lauslivnad, tjuvskap, manndråp,
22 ekteskapsbrot, gjerugskap, vondskap, svik, ukjurskap, ovund, gudsspotting, ovmod, vitløysa.
23 Alt dette vonde kjem innantil og gjer mennesket ureint.
24 So tok han ut derifrå og for burt til bygdene kring Tyrus og Sidon. Der gjekk han inn ein stad, og vilde ikkje nokon skulde vita det; men det kunde ikkje dyljast.
25 Ei kona hadde ei liti dotter som det var ei urein ånd i; då ho fekk høyra um han, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans;
26 det var ei heidning-kona, av syrofønikisk ætt. Og ho bad at han vilde driva den vonde åndi ut or dotter hennar.
27 Lat fyrst borni få eta seg mette! svara han; det er ikkje vent å taka brødet frå borni og kasta det for hund-ungane.
28 Det er sant, Herre, svara ho; men hund-ungane et då og under bordet av smulane etter borni.
29 Då sa Jesus: For det ordet skuld kann du ganga heim att; den vonde åndi hev fare ut or dotter di.
30 Då ho so kom heim, fann ho barnet liggjande på sengi, og åndi hadde fare ut.
31 Då han tok ut att frå Tyrus-bygdene, for han um Sidon til Galileasjøen, midt igjenom Dekapolis-bygdi.
32 Då kom dei til han med ein som var dauv og godtsom mållaus, og bad han vilde leggja hendene på han.
33 Jesus tok han til sides, burt ifrå folkehopen, stakk fingrane sine i øyro hans og vætte tunga hans med råke av munnen sin.
34 So såg han upp imot himmelen og sukka og sa til han: Effata! - det er: Lat deg upp!
35 Då vart øyro hans upplatne, og bandet losna av tunga, og han tala klårt.
36 Jesus forbaud dei å segja det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir bar dei det utyver.
37 Dei var reint tekne og sa: Han hev gjort alt vel! dei dauve gjev han høyrsel, og dei mållause mæle.