Markus' evangelium 6
1 So for han burt derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han.
2 Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga, og dei mange som høyrde på han, var reint upp i under og sa: Kvar hev han dette frå? Kva er det for visdom han hev fenge? Og slike underverk som han gjer!
3 Er ikkje dette timbremannen, son åt Maria og bror åt Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systerne hans her i grendi? Og dei stygdest ved han.
4 Men Jesus sa til dei: Ein profet er ingen stad vanvyrd utan i si eige grend og hjå sitt eige folk og i sin eigen heim!
5 Han kunde ikkje gjera noko under der, so nær som at han la hendene på nokre få helselause og lækte dei.
6 Og han undra seg yver vantrui deira. Sidan gjekk han frå grend til grend og lærte.
7 Og han kalla dei tolv til seg og tok til å senda dei ut, tvo og tvo, og gav dei makt yver dei ureine åndene.
8 Han sa til dei at dei skulde ikkje taka anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppa, ikkje kopar i beltet;
9 sandalar kunde dei ganga med, men dei måtte ikkje hava på seg meir enn ei trøya.
10 Kvar gong de kjem inn i eit hus, sa han, so ver der til de fer burt frå den bygdi.
11 Men er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, so gakk dykkar veg og rist av under føtene dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot dei.
12 So tok dei i vegen og tala for folket og mana dei til å venda um.
13 Og dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange helselause med olje og lækte dei.
14 Kong Herodes fekk og høyra um det - for Jesus hadde vorte namnspurd - og han sa: Det er Johannes, døyparen! Han hev stade upp frå dei daude; difor tér det seg so underfulle krafter i han.
15 Andre sa: Det er Elias; endå andre sa: Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.
16 Men då Herodes høyrde det, sa han: Det er Johannes som eg let dei hogga hovudet av; no hev han stade upp att!
17 For Herodes hadde sjølv sendt ut folk til å gripa Johannes og lagt han i band og lekkjor, og valde Herodias, kona åt Filip, bror hans. For henne hadde Herodes gift seg med;
18 Men Johannes sa til han: Du må ikkje hava brorkona di!
19 Difor bar Herodias hat til han og vilde at han skulde drepast, men kunde ikkje få det til.
20 For Herodes hadde age for Johannes, av di han visste han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt handi si yver han; når han høyrde han, kom han i tvil um mangt og mykje, og han høyrde han gjerne.
21 Men so baud det seg ei lagleg tid: det var då Herodes på årmålsdagen sin gjorde eit gjestebod for stormennene sine og herhovdingane og dei gjævaste i Galilea.
22 Då kom dotter åt Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene tykte i henne, og kongen sa til henne: Bed meg um kva du vil, so skal eg gjeva deg det!
23 Og han svor på skulde få det ho bad um - um det so var halve riket hans.
24 So gjekk ho ut og spurde mor si: Kva skal eg beda um? - Hovudet åt Johannes døyparen! svara mori.
25 Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynsket sitt; ho sa: Eg vil at du no med det same skal gjeva meg hovudet åt Johannes døyparen på eit fat.
26 Kongen vart reint ille ved, men for di han hadde svore, og for gjestene skuld, vilde han ikkje segja henne nei.
27 Han sende straks ein av livvakti av stad og bad han henta hovudet åt Johannes.
28 Mannen gjekk til fengslet og hogg hovudet av Johannes; so kom han med det på eit fat og gav det til gjenta, og ho gav det til mor si.
29 Då læresveinane åt Johannes fekk høyra det, kom dei og tok liket hans og la det i ei grav.
30 Apostlane samla seg atter hjå Jesus, og sa frå um alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.
31 Då sa han til dei: Kom no de åleine med meg til ein øydestad og kvil dykk litt! For det var mange som kom og gjekk, og dei fekk ikkje ein gong matro.
32 So for dei åleine i båten åt ein øydestad.
33 Men folk såg dei fara burt, og mange kjende dei att, og frå alle byane sprang dei landveges dit og kom fyre dei,
34 og då Jesus steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i dei; for dei var som ein saueflokk utan hyrding; og han tok til å læra dei mykje.
35 Då dagen tok til å lida, kom læresveinane til han og sa: Det er audt her, og dagen lid.
36 Send dei frå deg, so dei kann ganga burt i gardane og grendene her kringum og kjøpa seg mat!
37 Gjev de dei mat! svara han - Skal me ganga av og kjøpa brød for tvo hundrad peningar, og gjeva dei? sa dei då.
38 Kor mykje brød hev de? spurde han; gakk og sjå etter! Då dei so hadde fenge greida på det, sa dei: Fem leivar og tvo fiskar.
39 Då sa han at dei skulde lata alle setja seg i det grøne graset, bordlag og bordlag.
40 So let dei seg ned i flokkar, sume på hundrad og sume på femti.
41 Og han tok dei fem brødleivane og dei tvo fiskane og såg upp imot himmelen og velsigna dei; so braut han brødet og gav det til læresveinane, so dei skulde setja det fram for dei, og dei tvo fiskane skifte han og ut åt dei alle.
42 Då alle hadde ete og var mette,
43 samla dei upp tolv korger fulle brødstykke og noko fisk.
44 Og det var fem tusund mann som hadde fenge mat.
45 Straks etter dette var gjort, nøydde han læresveinane til å ganga i båten og fara fyre yver sjøen, burtimot Betsaida, medan han sjølv bad farvel med folket.
46 Og då han hadde skilst med dei, gjekk han upp i fjellet og vilde beda.
47 Då det leid på kvelden, var båten midt utpå sjøen, og sjølv var han åleine på land.
48 Han såg at det gjekk tungt for dei med roren; for dei hadde vinden imot seg. Og ikring den fjorde nattevakti kom han gangande burtimot dei på sjøen, og vilde ganga framum dei.
49 Då dei såg at han gjekk på sjøen, tenkte dei at det var eit skrymt, og dei sette i og skreik;
50 for dei såg han alle og vart fælne. Men i det same tala han til dei og sa: Ver hugheile! Det er eg! Ver ikkje redde!
51 So steig han upp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var so forstøkte at dei var reint ifrå seg.
52 For dei hadde ikkje vitrast av det som var hendt med brødet; so seige og tungnæme var dei.
53 Då dei hadde fare yver til hitt landet, kom dei til Gennesaret og la til der.
54 Med det same dei steig utor båten, kjende folk han att,
55 og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke kring i sengene sine dit som dei høyrde han var.
56 Og kvar han kom, til grender eller byar eller gardar, sette dei sine sjuke ut på torget og bad um at dei måtte få taka um so berre i falden på kjolen hans; og alle som kom nær han, vart gode att.