Markus' evangelium 4
1 So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring han, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, medan heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen.
2 Då lærde han dei mangt og mykje i likningar, og medan han soleis lærde dei, sa han:
3 Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og skulde så.
4 Då bar det seg so til medan han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglane kom og åt det upp.
5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;
6 men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot.
7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda.
8 Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll.
9 Høyr etter, kvar som hev øyro å høyra med! sa han då.
10 Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med han, og spurde han um likningane.
11 Han svara: De får vita løyndomen i Guds rike, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar,
12 so dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, og høyra og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving.
13 Men skynar de ikkje denne likningi, sa han, korleis kann de då greida alle dei andre likningane?
14 Såmannen, det er den som sår ordet.
15 Dei frammed vegen, det er dei som ordet vert sått i, men med det same dei hev høyrt det, kjem Satan og tek burt ordet som var sått i dei.
16 Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra ordet, tek imot det med gleda;
17 men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt belet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå.
18 Andre var sådde millom klunger; det er dei som høyrer ordet,
19 men sutene for det timelege og den svikefulle rikdomen og fysna etter alle andre ting trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust.
20 Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer ordet og tek imot det og gjev grøde i tretti og seksti og hundrad foll.
21 Sidan sa han til dei: Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ikkje i staken?
22 For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset.
23 Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med!
24 So sa han til dei: Akta vel på det de høyrer! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå.
25 For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.
26 Sida sa han: Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi:
27 Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til;
28 av seg sjølv ber jordi si grøda: fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks.
29 Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.
30 So sa han: Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilete skal me teikna det med?
31 Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi.
32 Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglane i lufti kann byggja reir i skuggen av det.
33 I mange sovore likningar tala han ordet til dei, etter som dei var god til å høyra.
34 Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.
35 Då det leid åt kvelds same dagen, sa han til dei: Lat oss fara yver til hi sida!
36 So skildest dei med folket, og tok han med i båten som han var. Og andre båtar fylgde og med.
37 Då vart det so hardt eit ver at bårone slo inn i båten, og han heldt på å ganga full.
38 Men Jesus låg og sov på puta i bakskuten. Dei vekte han og sa: Meister, er du like sæl um me gjeng under?
39 So stod han upp og truga vinden og sa til sjøen: Teg, og ver still! Då logna vinden, og det vart blikende stilt.
40 Og han sa til dei: Kvi er de so redde? Hev de endå ingi tru?
41 Men dei vart fulle av otte og sa seg imellom: Kven tru er denne mannen, at både vinden og sjøen lyder han!