Markus' evangelium 2
1 Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime.
2 Då samla det seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala ordet til dei.
3 So kom dei berande til han med ein som var lam; det var fire karar som bar han,
4 men dei kunde ikkje koma fram til Jesus for folkestimen; då tok dei taket av der som han var, og då dei hadde brote hol i himlingen, fira dei ned sengi som den lame låg i.
5 Og då Jesus såg trui deira, sa han til den lame: Son, syndene dine er tilgjevne!
6 No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg:
7 Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?
8 Jesus kjende straks i åndi si at dei tenkte so, og han sa: Kvi hyser de slike tankar i hjarta?
9 Kva er lettast å segja til den lame: Syndene dine er tilgjevne! eller: Statt upp, tak sengi di og gakk?
10 Men so de skal vita at Menneskesonen hev makt på jordi til å tilgjeva synder, so segjer eg deg - sa han til den lame -:
11 Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!
12 Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart reint frå seg av undring og lova Gud og sa: Slikt hev me aldri set fyrr!
13 So gjekk han ut til sjøen att. Då kom alt folket til han, og han lærde dei.
14 Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi, Alfeusson - han sat på tollbui - og Jesus sa til han: Fylg meg! Då reiste han seg og fylgde han.
15 So hende det at Jesus sat til bords i huset hans, og mange tollmenn og syndarar sat saman med han og læresveinane hans; for dei var mange, og dei fylgde han.
16 Og då dei skriftlærde og farisearane såg at han åt i lag med tollmenn og syndarar, sa dei til læresveinane hans: Et han i lag med tollmenn og syndarar?
17 Jesus høyrde det og sa til dei: Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.
18 Både læresveinane åt Johannes og læresveinane åt farisearane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: Korleis hev det seg at læresveinane åt Johannes og læresveinane åt farisearane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?
19 Kann bruresveinane fasta medan brudgomen er hjå dei? svara Jesus; so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei ikkje fasta.
20 Men det skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå dei; då, når den dagen kjem, då skal dei fasta.
21 Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av det gamle plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større.
22 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskone og vinen øydest, og flaskone med; nei - ny vin i nye lerflaskor!
23 Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrane på sabbaten, og læresveinane tok til å riva av aks medan dei gjekk etter vegen.
24 Då sa farisearane til han: Sjå, kva dei gjer på sabbaten! det som ingen hev lov til!
25 Han svara: Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var saman med han?
26 korleis han gjekk inn i Guds hus, den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestane hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?
27 So sa han til dei: Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for sabbaten skuld.
28 Difor råder Menneskesonen yver sabbaten og.