Markus' evangelium 14
1 No var det berre tvo dagar att til påske- og usyrdebrødhelgi. Og øvsteprestane og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå han i hel.
2 For dei sa: Ikkje med helgi torer me gjera det; elles kunde det verta upplaup millom folket.
3 Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av ekte, dyr narde-salve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans.
4 Då var det nokre som vart harme og sa seg imillom: Kva skulde den salve-øydingi vera til?
5 Salven kunde vore seld for yver tri hundrad penningar og gjeven til dei fatige. Og dei tala kvast til henne.
6 Då sa Jesus: Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vent gjort det ho gjorde med meg.
7 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot dei; men meg hev de ikkje alltid.
8 Ho gjorde det ho kunde; med denne salven budde ho lekamen min fyre jordeferdi.
9 Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne.
10 Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til øvsteprestane og baud seg til å gjeva Jesus i hendene deira.
11 Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gjeva han pengar, og sidan lurde han korleis han med tid og høve skulde få gjeve han yver til dei.
12 Den fyrste dagen i usyrdebrødhelgi - den dagen dei slakta påskelambet - sa læresveinane til Jesus: Kvar vil du me skal ganga og laga til påskemåltidet for deg?
13 Då sende han tvo av læresveinane i veg og sa til dei: Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; han skal de fylgja,
14 og der han gjeng inn, skal de segja til huseigaren: Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinane mine?
15 Og han skal syna dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss.
16 So gjekk læresveinane av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskemålet.
17 Då det leid mot kvelden, kom Jesus med dei tolv,
18 og då dei hadde sett seg til bords, sa han: Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.
19 Då tok dei til å stura, og spurde han ein for ein: Det er vel ikkje eg?
20 Han svara: Det er ein av dykk tolv, den som duppar med meg i fatet.
21 Menneskesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um han, men ve yver den mannen som veld at Menneskesonen vert gjeven i fiendehand! Det var betre for den mannen um han aldri var født!
22 Medan dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav dei og sa: Tak det! Dette er lekamen min.
23 So tok han ein kalk, takka og gav dei, og dei drakk alle av kalken.
24 Og han sa til dei: Dette er blodet mitt, paktblodet, som vert utrent for mange.
25 Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike.
26 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
27 Og Jesus sa: De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: Hyrdingen slær eg, og sauene skal spreidast.
28 Men når eg hev stade upp att, skal eg ganga fyre dykk til Galilea.
29 Då sa Peter: Um so alle styggjast ved deg, so skal ikkje eg.
30 Jesus svara: Det segjer eg deg for sant: No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger.
31 Men han tok sterkare i og sa: Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg! Det same sa dei alle.
32 So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinane sine: Sit her medan eg bed!
33 Og han tok med seg Peter og Jakob og Johannes, og tok til å ottast og kvida seg.
34 Og han sa til dei: Mi sjel er sorgtyngd reint til dauden. Ver her og vak!
35 So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi og bad at denne stundi måtte skrida framum han, um det var råd.
36 Abba, Fader! sa han, alt er mogeleg for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!
37 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sa han til Peter: Simon, søv du? Var du ikkje god til å vaka ein time?
38 Vak og bed at de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.
39 So gjekk han burt att og bad den same bøni.
40 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara han.
41 So kom han tridje gongen, og sa til dei: De søv og kviler, de! Det er noki. Timen er komen. No skal Menneskesonen gjevast i hendene på syndarar.
42 Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.
43 Og straks, fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene.
44 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei og sagt: Den som eg kysser, han er det; tak han og før han trygt burt!
45 Og med det same han kom, gjekk han fram til Jesus og sa: Rabbi! og kysste han.
46 Då la dei hand på han og tok han.
47 Men ein av dei som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten.
48 Og Jesus tok til ords og sa: De kjem med sverd og stavar og tek meg, som um eg skulde vera ein røvar.
49 Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skriftene sannast.
50 Då tok dei alle ut ifrå han og rømde.
51 Ein ung mann fylgde etter han, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka han,
52 men han slepte linklædet og rømde naken.
53 Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle øvsteprestane og styresmennene og dei skriftlærde.
54 Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden.
55 Øvsteprestane og heile rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt han frå livet; men dei fekk ikkje noko på han.
56 Det var mange som vitna rangt mot han, men vitnemåli høvde ikkje i hop.
57 Då stod det fram nokre som og vitna rangt imot han og sa:
58 Me høyrde han segja: Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna, som ikkje er gjort med hender.
59 Men endå høvde ikkje vitnemåli deira i hop.
60 Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland dei og sa til Jesus: Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg?
61 Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde han: Er du Messias, Son åt den Høglova?
62 Ja, det er eg, svara Jesus, og de skal sjå Menneskesonen sitja ved høgre handi åt Allmakti og koma med himmelskyene.
63 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sa: Kva skal me med fleire vitne?
64 No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de? Dei dømde alle at han var skuldig til å døy.
65 Og sume tok til å sputta på han, og la eit plagg yver andletet hans og slo han med nevane og sa: Seg kven det var! Og tenarane tok imot han med hogg.
66 Medan Peter var nedi gardsromet, kjem ei av tenestgjentone hjå øvstepresten,
67 og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på han og sa: Du og var med denne nasarearen, Jesus!
68 Men han neitta og sa: Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du meiner. So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen.
69 Sidan fekk gjenta sjå han att, og tok til å segja til dei som stod innmed: Han er ein av dei!
70 Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sa dei som stod der, på nytt til Peter: Ja menn er du ein av dei! Du er då ein galilear!
71 Då sette han i og banna og svor: Eg kjenner ikkje den mannen de talar um.
72 Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til han: Før hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.