Markus' evangelium 13
1 Då han gjekk ut or templet, sa ein av læresveinane til han: Meister, sjå for steinar og for bygningar!
2 Ja, ser du desse store bygningane! svara Jesus. Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus.
3 Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde han:
4 Seg oss: Når skal dette ganga fyre seg, og kva er teiknet som skal syna oss når alt dette skal verta fullenda?
5 Då tok Jesus soleis til ords: Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk!
6 For mange skal taka mitt namn og segja: Det er eg! og føra mange på villstig.
7 Men når de høyrer um ufred og tidende um ufred, so vert ikkje redde! For dette lyt henda, men endå er ikkje enden komen.
8 Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv kring i landi, og det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderidene.
9 Men sjå dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolane og piska dykk i synagogene, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for dei.
10 Og fyrst må evangeliet kunngjerast for alle folkeslag.
11 Men når dei fører dykk fram og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande.
12 Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine og valda at dei døyr.
13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst.
14 Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde - den som les det, han akte vel på det! - då lyt dei som er i Juda-land, røma til fjells;
15 den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt,
16 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin!
17 Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane!
18 Men bed at dette ikkje må henda um vinteren!
19 For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket, frå den tid då Gud skapte verdi, og til no, og vert ikkje sidan heller.
20 Og gjorde ikkje Herren den tidi stutt, so vart ikkje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt.
21 Um nokon då segjer til dykk: Sjå her er Messias! eller: Sjå der! - so må de ikkje tru det!
22 For falske messias'ar og skal standa fram og falske profetar, gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde vilt, um det var råd.
23 So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt.
24 Men i dei dagane, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast og månen missa sitt ljos,
25 stjernone skal falla ned frå himmelen, og himmelkraftene skakast.
26 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom,
27 då skal han senda ut englane og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen.
28 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær.
29 Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri.
30 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt.
31 Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast.
32 Men den dagen eller timen veit ingen, ikkje eingong englane i himmelen, og ikkje Sonen heller - ingen utan Faderen.
33 Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem.
34 Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinane sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sa han at han laut vaka.
35 So vak då! For de veit ikkje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbel, eller i otta, eller i dagrenningi.
36 Lat han ikkje finna dykk sovande, når han kjem uvantande!
37 Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!