«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Markus' evangelium 12

1  So tok han til å tala til dei i likningar: Det var ein mann som laga seg ein vingard, og sette gjerde kringum og grov ut ei vinpersa og bygde eit tårn; so leigde han hagen burt til brukarar og for utanlands.

2  Då tidi kom, sende han ein svein til brukarane og vilde få sin lut av det som var avla i vingarden.

3  Men brukarane greip sveinen og skamslo han, og sende han burt med tome hender.

4  So sende han ein annan svein til dei; han slo dei i hovudet og hædde han.

5  Og han sende ein til; honom slo dei i hel. Og mange fleire: sume skamslo dei, og sume drap dei.

6  No hadde han att berre einaste son sin, som han heldt hjarteleg av. Til slutt sende han honom og til brukarane; han tenkte: Dei hev no vel age for son min!

7  Men brukarane dei sa seg imillom: Der er ervingen! Kom, lat oss slå han i hel, so fær me arven.

8  So tok dei han og slo han i hel, og kasta han ut or vingarden.

9  Kva skal han no gjera, vingardseigaren? Han skal koma og gjera ende på brukarane og lata andre få vingarden.

10  Hev de ikkje lese dette skriftordet heller: Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein;

11  det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under?

12  Då tenkte dei på å gripe han, for dei skyna at det var dei han hadde meint med likningi si. Men dei torde ikkje for folket. So let dei han vera og gjekk sin veg.

13  Sidan sende dei nokre av farisearane og Herodes-mennene, som skulde fanga han i ord.

14  Dei kom og sa til han: Meister, me veit at du er ærleg og ikkje bryr deg um nokon; for du gjer ikkje skil på folk, men lærer oss sanningi um Guds veg - er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? skal me gjera det, eller skal me lata vera?

15  Men skyna vel hyklingi deira og sa: Kvi freistar de meg? Kom med ein pening, og lat meg få sjå han!

16  So kom dei med ein, og han spurde: Kva er dette for eit bilete og namn? - Det er keisarens, svara dei.

17  Då sa han til dei: Gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er! Og dei undra seg mykje yver han.

18  So kom det nokre saddusearar til han - det er dei som segjer at dei daude ikkje skal standa upp att - dei sette fram eit spursmål for han og sa:

19  Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss at når bror åt ein mann døyr barnlaus, og kona lever etter, då skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.

20  Det var ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona; han døydde, og det var ikkje born etter han.

21  So tok den andre enkja; han og døydde barnlaus. Like eins den tridje,

22  og alle sju; ingen av dei hadde born etter seg. Sist av alle døydde kona og.

23  Kven av dei skal ho høyra til i eit anna liv, når dei hev stade upp att? For alle sju hev havt henne til kona.

24  Jesus svara: Er det ikkje difor de fer vilt, for di de ikkje kjenner skriftene og ikkje Guds makt?

25  Når dei hev stade upp frå dei daude, gifter dei seg ikkje og vert ikkje burtgifte; dei er som englane i himmelen.

26  Men um dei avlidne - at dei skal standa upp att - hev de ikkje lese i boki åt Moses, i soga um klungeren, korleis Gud sa til han: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?

27  Og han er ikkje ein Gud for dei daude, men for dei levande. De tek storleg i mist.

28  Ein skriftlærd, som hadde lydt på ordskiftet deira, og skyna at Jesus hadde svara dei vel, kom no og spurde han: Kva for eit bod er det fyrste av alle?

29  Jesus svara: Dette er det fyrste: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er ein,

30  og du skal elska Herren din Gud av alt ditt hjarta og av all di hug og av alt ditt vit og av all di makt! Det er det fyrste bodet.

31  Det andre, som er like stort, er dette: Du skal elska næsten din som deg sjølv! Det finst ikkje noko anna bod som er større enn desse.

32  Vel tala du, meister, sa den skriftlærde, og sant er det som du sa at han er ein og det finst ingen annan Gud enn han.

33  Å elska han av alt sitt hjarta og av alt sitt vit og av all sin hug og av all si makt, og elska næsten sin som seg sjølv, det er meir enn alle brennoffer og slaktoffer.

34  Då Jesus høyrde kor visleg han svara, sa han til han: Du er ikkje langt burte frå Guds rike. Sidan våga ingen å spyrja han meir.

35  Medan Jesus lærde i heilagdomen, tok han ein gong til ords soleis: Korleis kann dei skriftlærde segja at Messias er Davids son?

36  Sjølv sa David - han fekk det frå den Heilage Ande -: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til dess eg fær lagt dine fiendar under føtene dine!

37  David kallar honom sjølv herre; korleis kann han då vera son hans? Ålmugen høyrde gjerne på Jesus.

38  Millom anna som han lærde dei, sa han: Tak dykk i vare for dei skriftlærde, som likar å ganga i lange kjolar, og vil at folk skal helsa dei på torgi,

39  og som trår etter dei fremste sessane i synagogone og høgste sæti i gjestebod;

40  dei et upp huset for enkjor og held lange bøner for syn skuld! Dei skal få so mykje strengare dom.

41  Ein gong sette han seg midt imot tempelkista og såg medan folk la pengar i kista; og mange rike la mykje.

42  So kom det ei fatig enkja og la tvo skjervar, det er so mykje som ein øyre.

43  Då kalla han læresveinane til seg og sa: Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn alle dei andre som la i kista.

44  For dei gav alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd, alt det ho åtte, alt ho hadde til å livberga seg med.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23