«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Markus' evangelium 11

1  Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinane sine i veg og sa til dei:

2  Gakk burt i den grendi som ligg framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneske på; den skal de løysa og koma hit med!

3  Og dersom nokon segjer til dykk: Kvi gjer de det? so skal de svara: Herren treng um han, og sender han straks attende.

4  So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste han.

5  Nokre folk som stod der, sa til dei: Kva gjer de? løyser de folen?

6  Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket dei få han.

7  So kom dei til Jesus med folen og la kjolane sine på han, og Jesus sette seg uppå.

8  Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.

9  Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!

10  Velsigna vere vår far Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!

11  So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.

12  Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.

13  Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ikkje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.

14  Då tala han til treet og sa: Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir! Og det høyrde læresveinane på.

15  Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkane åt dei som selde duvor,

16  og let ingen lov til å bera nokon reidskap gjenom templet.

17  Og han lærte dei og sa: Stend det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk? Men de hev gjort det til eit røvarbol.

18  Øvsteprestane og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få rudt han or vegen; for dei var redde han, av di folket var hugtekne av læra hans.

19  Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen.

20  Då dei tidleg um morgonen gjekk dei framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå rota.

21  Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sa: Meister, sjå fiketreet som du bannstøytte, hev turka!

22  Då tok Jesus til ords og sa: Hav tru til Gud!

23  Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.

24  Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru at de alt hev fenge det - då fær de det!

25  Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og Far dykkar i himmelen tilgjeva dykk misgjerningane dykkar!

26  Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller Far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.

27  So kom dei til Jerusalem att. Og medan han gjekk ikring i templet, kom øvsteprestane og dei skriftlærde og styresmennene burt til han

28  og sa: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?

29  Jesus sa: Eg vil spyrja dykk um ein ting; svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:

30  Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneske? Svara meg!

31  Då la dei yver med kvarandre og sa: Svarar me: Frå himmelen, so segjer han: Kvi trudde de han då ikkje?

32  Lat oss heller svara: Frå menneske! - men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.

33  So svara dei han: Det veit me ikkje. - Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette, sa Jesus.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23