Markus' evangelium 10
1 So tok han ut derifrå, og for til Juda-bygdene og bygdene på hi sida Jordan. Og folket samla seg att ikring han, og han lærde dei, som han var van med.
2 Då kom det nokre farisearar og spurde han: Tru ein mann hev lov til å skilja seg ifrå kona si? Det var for å freista han dei spurde um det.
3 Kva hev Moses sagt dykk fyre? sa Jesus.
4 Moses gav lov til å skriva eit skilsmålsbrev og senda henne frå seg, svara dei.
5 Då sa han til dei: Av di de er so hardhjarta, skreiv Moses den lovi for dykk.
6 Men alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud dei til mann og kvinna.
7 Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si,
8 og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, eitt kjøt,
9 og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.
10 Heime spurde læresveinane han um det same.
11 Då sa han til dei: Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei onnor, bryt ekteskapet med henne og gjer hor.
12 Og dersom ho skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, gjer ho hor.
13 Og dei bar småborn til han, so han skulde røra ved dei, men læresveinane truga dei dei som bar dei.
14 Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: Lat småborni koma til meg; hindra dei ikkje! for Guds rike høyrer slike til.
15 Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, han skal på ingen måte koma inn i det.
16 So tok han dei i fanget og la hendene på dei og velsigna dei.
17 Då han kom ut på vegen, sprang det fram ein mann og fall på kne for han og spurde: Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?
18 Kvi kallar du meg god? sa Jesus. Ingen er god utan ein - Gud!
19 Bodi kjenner du: Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal ikkje slå under deg annan manns eigedom! Du skal æra far din og mor di!
20 Han svara: Meister, alt det hev eg halde frå eg var ung.
21 Då såg Jesus på han og fekk han kjær. So sa han: Eitt vantar deg: Gakk burt og sel alt det du hev, og gjev det til dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!
22 Ved det ordet for det ein skugge yver andletet hans, og han gjekk sturen burt, for han åtte mykje.
23 Då såg Jesus kringum seg og sa til læresveinane sine: Kor vandt det er for den som eig mykje å koma inn i Guds rike!
24 Læresveinane stokk yver ordi hans. Men Jesus tok til ords att og sa: Kor vandt det er, borni mine, å koma inn i Guds rike for dei som set si lit til rikdom!
25 Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike!
26 Då vart dei endå meir forfærde og sa til kvarandre: Kven kann då verta frelst?
27 Jesus såg på dei og sa: For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud; for alt er mogeleg for Gud.
28 Då tok Peter åt ords og sa til han: Enn me som hev skilt oss med alt og fylgt deg!
29 Og Jesus svara: Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen hev skilt seg med heim eller brør eller syster eller mor eller far eller born eller gardar for mi skuld og for evangeliet skuld,
30 utan at han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem, eit æveleg liv.
31 Men mange som no er med dei fyrste, skal då verta millom dei siste, og dei siste millom dei fyrste.
32 No var dei på vegen upp til Jerusalem. Jesus gjekk fyre dei, og dei undrast, og dei som fylgde, var forstøkte. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala med dei um det som skulde henda han:
33 No fær me upp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på øvsteprestane og dei skriftlærde, og dei skal døma han frå livet og gjeva han yver til heidningane;
34 og dei skal spotta han og sputta på han og hudfletta han og drepa han; men tri dagar etter skal han standa upp att.
35 Jakob og Johannes, sønene åt Sebedeus, kom til han og sa: Meister, det er noko me vil beda deg um! Vil du gjera det for oss?
36 Kva vil de eg skal gjera for dykk? sa han.
37 Lova oss at me skal få sitja innmed deg i din herlegdom, ein på di høgre og ein på di vinstre sida! svara dei.
38 De veit ikkje kva de bed um, sa Jesus. Kann de drikka den skåli som eg drikk, eller taka den dåpen som eg tek?
39 Ja, det kann me, sa dei. Då sa Jesus til dei: Den skåli eg drikk, skal de drikka, den dåpen eg fær, skal de få;
40 men sætet ved mi høgre eller vinstre sida er det ikkje mi sak å gjeva burt; det lyt dei få som det er etla åt.
41 Då dei ti høyrde dette, tok dei til å harmast på Jakob og Johannes.
42 Då kalla Jesus dei kring seg og sa: De veit at dei som gjeld for fyrstar, råder yver folki sine, og stormennene styrer deira hev velde yver dei.
43 Men so er det ikkje hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre,
44 og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle.
45 For Menneskesonen er ikkje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepeng for mange.
46 So kom dei til Jeriko. Då Jesus tok ut att frå Jeriko med læresveinane sine og ei svær folkehop, sat son åt Timeus, Bartimeus, ein blind tiggar, attmed vegen,
47 og då han høyrde det var Jesus frå Nasaret, tok han på å ropa: Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!
48 Men truga han og og sa han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: Davids son, gjer sælebot på meg!
49 Jesus stana og sa: Ropa han hit! Då ropa dei på den blinde og sa til han: Ver hugheil! Reis deg upp! Han ropar på deg.
50 So kasta han av seg kjolen og spratt upp og kom burt til Jesus.
51 Og Jesus sa til han: Kva vil du at eg skal gjera for deg? Den blinde svara: Rabbuni, lat meg få att syni!
52 Då sa Jesus til han: Gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg. Og med ein gong fekk han att syni og fylgde Jesus på vegen.