Markus' evangelium 1
1 Upphavet til evangeliet åt Jesus Kristus, Guds Son.
2 Hjå Esaias, profeten, stend det skrive: Sjå, eg sender mitt bod framfyre deg, han skal rydja vegen din for deg;
3 høyr han som ropar i heidi: Ryd vegen åt Herren, jamna stigane hans!
4 Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki og ropa ut umvendings-dåp til forlating for syndene.
5 Og heile Juda-land kom ut til han, og alt Jerusalems-folket, og han døypte dei i Jordan-åi, medan dei sanna syndene sine.
6 Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.
7 Og han tala til folket og sa: Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ikkje verdig til å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.
8 Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.
9 I dei dagane hende det at Jesus kom frå Nasaret i Galilea og vart døypt i Jordan av Johannes.
10 Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen kløyvde seg, og Anden dala ned til han som ei duva.
11 Og frå himmelen kom det ei røyst: Du er Son min, som eg elskar. Deg hev eg hugnad i!
12 Og straks dreiv Anden han ut i øydemarki;
13 og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englane tente han.
14 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og kunngjorde evangeliet frå Gud
15 og sa: Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!
16 Då han ein gong for frammed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.
17 Han sa til dei: Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskefiskarar!
18 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde han.
19 Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebedeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.
20 Og straks kalla han dei, og dei gav seg med han, og let far sin, Sebedeus, vera att i båten med leigekarane.
21 So kom dei til Kapernaum, og straks det vart sabbat, gjekk han inn i synagoga og lærte folket.
22 Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde som ein som hadde velde, og ikkje som dei skriftlærde.
23 Den gongen var det der i ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:
24 Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er - den Heilage frå Gud.
25 Jesus truga den ureine åndi og sa: Tei still og far ut or han!
26 Då reiv ho og sleit i han og villhua og for ut or han.
27 Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: Kva er dette? Ei ny læra! Med velde talar han jamvel til dei ureine åndene, so dei lyt lystra!
28 Og gjetordet um han for straks yver alle Galilea-bygdene derikring.
29 Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas i lag med Jakob og Johannes.
30 Vermor åt Simon låg sjuk og hadde heteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.
31 Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for dei.
32 Då det vart kveld og soli vart gladd, kom dei til han med alle som hadde vondt eller var forgjorde,
33 og heile byen hadde samla seg utfor døri.
34 Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ikkje åndene få lov til å tala, av di dei kjende han.
35 I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.
36 Simon og dei som var med han, skunda seg etter han,
37 og då dei fann han, sa dei til han: Alle leitar etter deg!
38 Men Jesus svara: Lat oss fara til ein annan stad, til grendene her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.
39 So gjekk han kring i heile Galilea og tala i synagogene deira og dreiv dei vonde åndene ut.
40 Ein som hadde spillsykja, kom og fall på kne for han og bad: Dersom du vil, kann du gjera meg rein!
41 Jesus tykte vondt um han, og rette ut handi og tok burt på han og sa: Eg vil; vert rein!
42 Og med ein gong gjekk spillsykja av han og han vart rein.
43 Jesus tala strengt til han og bad han ganga sin veg straks.
44 Akta deg at du ikkje segjer eit ord til nokon, sa han, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt, so du kann vitna for dei!
45 Men mannen var ikkje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til han frå alle kantar.