«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Malaki 4

1  For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna dei upp, segjer Herren, allhers Gud, so ikkje vert att av dei anten rot eller grein.

2  Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom under vengene sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.

3  Og de skal trakka ned dei gudlause, for dei skal vera som oska under føtene dykkar, på den dagen som eg skaper, segjer Herren, allhers Gud.

4  Kom i hug lovi åt Moses, tenaren min, som eg gav han på Horeb for heile Israel, både lover og bod!

5  Sjå, eg sender dykk Elias, profeten, fyrr Herrens dag kjem, den store og skræmelege.

6  Han skal venda fedrehjarto til borni og barnehjarto til federne, so eg ikkje skal koma og bannstøyta landet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23