«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Malaki 1

1  Denne framsegni er Herrens ord til Israel ved Malakias.

2  Eg hev elska dykk, segjer Herren. Og de spør: Korleis hev du synt oss din kjærleik? Er ikkje Esau bror åt Jakob? segjer Herren, og endå hev eg elska Jakob,

3  men hata Esau og gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein bustad for sjakalane i heidi.

4  Når Edom segjer: Me ligg i røys, men me skal byggja att på dei aude tuftene, då svarar Herren, allhers Gud: Dei skal byggja, men eg skal riva ned; dei skal heita Gudløyse-landet og folket som Herren er æveleg harm på.

5  De skal sjå det med eigne augo, og de skal segja: Herrens velde når ut yver Israels grensa.

6  Ein son ærar far sin, og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers Gud, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: Korleis hev me synt vanvyrdnad for namnet ditt?

7  Jau, de ber fram sulka mat på altaret mitt. Og de spør: Kva hev me krenkt din reinleik med? Jau, de segjer: Herrens bord er ikkje vyrdande.

8  Når de kjem med eit blindt dyr til offer, er det då ikkje noko gale i det? Og når de kjem med eit halt eller eit sjukt, er det då ikkje noko gale i det? Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers Gud.

9  So naudbed no Gud at han må vera oss nådig! Med eigne hender hev de gjort slikt - kann han då for dykkar skuld vera nådig? segjer Herren, allhers Gud.

10  Å, um det fanst nokon millom dykk som vilde stengja tempeldørene, so de slapp å gjera upp eld til fåfengs på altaret mitt! Eg hev ingen hugnad i dykk, segjer Herren, allhers Gud, og offergåvor frå dykkar hand likar eg ikkje.

11  For frå solekoma til soleglad skal mitt namn verta stort millom heidningfolki, og på kvar ein stad skal dei brenna røykjelse og bera fram offergåvor for namnet mitt, reine offergåvor; for namnet mitt skal verta stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers Gud.

12  Men de vanhelgar det med di de segjer: Herrens bord er sulka, og maten som vert gjeven til det, er ikkje vyrdande.

13  Å, for ei møda! segjer de, og de blæs åt det, segjer Herren, allhers Gud; og når de ber fram offergåvor, kjem de med slikt som de hev rana, og med det som er halt og sjukt! Skulde eg hava hugnad i slike gåvor frå dykk? segjer Herren.

14  Forbanna vere den som fer med svik*, endå det finst handyr i buskapen hans, og den som gjer ein lovnad og endå ofrar til Herren eit hodyr som hev lyte; for eg er ein stor konge, segjer Herren, allhers Gud, og namnet mitt er skræmeleg millom folki.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23