Lukas' evangelium 8
1 I den tidi som no fylgde på, for han kring i landet, frå by til by og frå grend til grend og tala for folket og forkynte evangeliet um Guds rike. Dei tolv var med han,
2 og like eins nokre kvinnor som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar; det var Maria, Magdalena dei kalla, som sju vonde ånder hadde fare utor,
3 og Johanna, kona åt Kuzas, ein av futane åt Herodes, og Susanna og mange andre, som var dei til hjelp med det dei hadde.
4 Som det no samla seg mykje folk, og dei kom til han frå byane rundt ikring, sa han i ei likning:
5 Ein såmann gjekk ut og skulde så sædet sitt. Og då han sådde, fall noko frammed vegen, og vart nedtrakka, og fuglane i lufti åt det upp.
6 Sumt fall på berg, og då det voks upp, skein det burt, av di det ikkje hadde væte.
7 Sumt fall millom klunger, og klungeren voks med kornet og kjøvde det.
8 Sumt fall i god jord, og då det voks upp, gav det grøda i hundrad foll. Som han sa det, ropa han: Høyr etter, kvar som øyro hev å høyra med!
9 Læresveinane spurde han kva denne likningi skulde tyda.
10 Då sa han: De fer vita løyndomane i Guds rike, men dei andre fær høyra dei i likningar, so um dei ser, skal dei ikkje sjå, og um dei høyrer, skal dei ikkje skyna.
11 Men likningi er so å tyda: Sædet er Guds ord.
12 Dei frammed vegen er dei som høyrer ordet; so kjem djevelen og tek det burt or hjarta deira, so dei ikkje skal tru og verta frelste.
13 Dei på berget er dei som tek imot ordet med gleda når dei høyrer det; men dei hev ikkje rot; dei trur for eit bel, men i freistingsstundi fell dei frå.
14 Det som fall millom klungeren, det er dei som hev høyrt det, men på sin gang gjenom livet let seg kjøva av suter og rikdom og verdsleg lyst, so dei ikkje ber fullmogi grøda.
15 Men det i den gode jordi, det er dei som høyrer ordet og gøymer det i eit vent og godt hjarta, og ber grøda i tålmod.
16 Ingen som kveikjer eit ljos, gøymer det under eit kjer eller set det under ei seng; han set det i ein stake, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.
17 For det finst ingen ting som er dult og ikkje ein gong vert openberra, og ingen ting som er løynt og ikkje ein gong vert kunnigt og kjem fram i dagen.
18 Sjå då til korleis de høyrer! For den som hev, han skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han tykkjest hava.
19 Mor hans og brørne hans kom ein gong og vilde finna han, men kunde ikkje koma innåt han for folkestimen.
20 Då fekk han det bodet: Mor di og brørne dine stend utanfor og vil sjå deg.
21 Han svara: Mor mi og brørne mine, det er dei som høyrer Guds ord og gjer etter det.
22 Ein dag bar det so til at han steig ut i ein båt. Læresveinane var med, og han sa til dei: Lat oss fara yver til hi sida av vatnet! So la dei utpå,
23 og medan dei siglde, sovna han. Då for det ein kvervelvind ned på vatnet, so båten gjekk full, og dei var i fåre.
24 Då gjekk dei burt til han og vekte han og sa: Meister, meister, me gjeng under! Jesus reis upp og truga vinden og bårone, so dei la seg, og det vart blikende stilt.
25 So sa han åt dei: Kvar er trui dykkar? Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: Kven tru han er, denne mannen, at jamvel vindane og vatnet lyder han når han talar til dei?
26 So sigla dei fram til Gergesenar-bygdi, som ligg midt imot Galilea.
27 Då han steig i land, kom ein mann frå byen imot han. Mannen var forgjord; det var vonde ånder i han. Han hadde ikkje på lenge havt klæde på seg, og bia ikkje i hus, men heldt seg i gravholone.
28 Då han såg Jesus, sette han i og hua; so kasta han seg ned for føtene hans og sa med høg røyst: Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? Eg bed deg at du ikkje vil pina meg!
29 For Jesus sa til den ureine åndi at ho skulde fara ut or mannen; for ho hadde gripe han mange vendor - då batt dei han med lekkjor og fotjarn og heldt vakt yver han; men han reiv sund bandi, og den vonde åndi dreiv han ut i øydemarkene -.
30 Kva er namnet ditt? spurde Jesus. Legion, svara han, for det hadde fare mange ånder i han,
31 og dei bad at han ikkje vilde lata dei fara ned i avgrunnen.
32 No var det der ein stor flokk med svin, som gjekk og beitte i fjellet; so bad dei vonde åndene at han vilde gjeva dei lov til å fara inn i svini, og det gav han dei lov til.
33 Då for dei ut or mannen og inn i svini; og heile flokken rusa utyver stupet ned i vatnet og drukna.
34 Då gjætarane såg det som hendt var, røymde dei, og sa frå um det i byen og på gardane.
35 Då gjekk folk ut og vilde sjå det som hadde hendt. Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå mannen som dei vonde åndene hadde fare ut or, sat klædd nedmed føtene hans og var med sitt fulle vit. Då vart dei forfærde;
36 og då dei som hadde set det, fortalde korleis den forgjorde hadde vorte berga,
37 kom heile ålmugen frå bygdene der ikring, Gergesenar-bygdene, og bad at han vilde fara burt ifrå dei, for dei var so tekne av otte. So gjekk han i båten og for attende.
38 Mannen som åndene hadde fare ut or, bad um han måtte vera hjå han; men Jesus sende han frå seg og sa:
39 Gakk heim att og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg. So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for han.
40 Då Jesus kom att, tok folket vel imot han; for alle venta på han.
41 Best det var, kom det ein mann som heitte Jairus og var forstandar for synagoga; han kasta seg ned for føtene åt Jesus og bad han koma heim til seg;
42 for han hadde ei dotter som var um lag tolv år; ho var einaste barnet hans, og no låg ho og drogst med dauden. Som no Jesus gjekk i veg, klemde folket han frå alle sidor.
43 Millom dei var det ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år; ho hadde øydt heile midelen sin på lækjarar, men ingen hadde vore god til å gjera henne frisk;
44 Ho gjekk innåt han attantil og tok ein av duskane på kjolen hans, og med ein gong stana blodflodi.
45 Kven var det som tok i meg? spurde Jesus. Alle neitta og Peter og dei som var med han sa: Meister, det er folket som trengjer og klemmer deg!
46 Det var ein som tok i meg, sa Jesus; for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.
47 Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for han og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i han, og korleis ho med ein gong hadde vorte god att.
48 Då sa han til henne: Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og lev sæl!
49 Fyrr han hadde tala ut, kjem det ein frå heimen åt synagoge-forstandaren og segjer: Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger.
50 Då Jesus høyrde det, tok han til ords og sa til faren: Ottast ikkje! Berre tru, so skal ho verta berga!
51 Då han so kom til huset, let han ingen få ganga inn med seg utan Peter og Johannes og Jakob og far og mor åt barnet.
52 Alle gret og jamra yver henne; men han sa: Gråt ikkje! Ho hev ikkje slokna; ho søv.
53 Då lo dei åt han, for dei visste at ho var slokna.
54 So tok han henne i handi og ropa: Ris upp, barn!
55 Då kom åndi hennar att, og ho reis upp med ein gong; og han sa til dei at dei skulde gjeva henne mat.
56 Foreldri hennar var reint frå seg av gleda. Men han forbaud dei å tala til nokon um det som var hendt.