«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 7

1  So tala Jesus, og folket lydde på han; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.

2  Ein hovudsmann hadde ein tenar som var so sjuk at det leid åt med han, og den tenaren heldt han svært gjæv.

3  Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av styresmennene åt jødane til han og bad at vilde koma og berga livet åt tenaren.

4  Då dei kom til Jesus, bad dei han so mykje at han skulde gjera det. Dei sa: Han er verd at du gjer dette for han;

5  for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.

6  Jesus gjekk med dei; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre av vener sine til han med det bodet: Herre, du skal ikkje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;

7  difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so vert guten min god att!

8  For eg er og ein mann som må lyda dei som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg; og segjer eg til ein av dei: Gakk! so gjeng han, og til ein annan: Kom! so kjem han, og til tenaren min: Gjer det! so gjer han det.

9  Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg og sa til folket som fylgde han: Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.

10  Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom heim att, fekk dei sjå at drengen var god att.

11  Dagen etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og mange av læresveinane hans og ein stor folkehop var med han.

12  Då han kom nær innåt byporten, såg han liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.

13  Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sa til henne: Gråt ikkje!

14  Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sa han: Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!

15  Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav han åt mori.

16  Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sa: Ein stor profet hev stade fram millom oss! og: Gud hev vitja sitt folk!

17  Og det ordet um han kom ut yver heile Judea og bygdene ikring.

18  Alt det fekk Johannes bod um av læresveinane sine. Då kalla han tvo av dei til seg,

19  og sende dei til Herren med dei ordi: Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?

20  Då mennene kom til Jesus, sa dei: Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?

21  I same belet lækte han mange for sjukdomar og plagor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni;

22  so svara han dei: Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: blinde ser, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet;

23  og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.

24  Då ærendsveinane åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden?

25  Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og lever sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti.

26  Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet.

27  Det er um han det er skrive: Sjå, eg sender mitt bod framfyre deg, han skal rydja vegen din for deg.

28  Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom dei som er fødde av kvinnor, enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han.

29  Og alt folket som høyrde han, tollmennene med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes;

30  men farisearane og dei lovkunnige gjorde Guds plan til inkjes for seg og tok ikkje imot dåpen hans.

31  Kven skal eg då likna folki i denne ætti med? kven er dei likjest?

32  Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: Me let i fløyta åt dykk, men de dansa ikkje; me song syrgjekvede, men de gret ikkje.

33  For Johannes døyparen er komen; han åt ikkje brød og drakk ikkje vin, og so segjer de: Han må vera forgjord!

34  Menneskesonen er komen, han et og drikk, og so segjer de: Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmennarar og syndarar!

35  Men at visdomen hev rett, det provar alle hans born.

36  Ein av farisearane bad han eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til han og sette seg til bords.

37  No var det der i byen ei kvinna som hadde levt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisearen, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve

38  og sette seg gråtande nedmed føtene hans; so tok ho til å væta føtene hans med tårone sine, og turka dei med håret sitt; og ho kysste føtene hans og smurde dei med myrrasalven.

39  Då farisearen som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: Var denne mannen ein profet, so visste han kva slag menneske ho er, at ho er ei syndefull kvinna.

40  Då tok Jesus til ords og sa til han: Simon, det er noko eg vil segja deg. - Tala, meister! sa han.

41  Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig fem hundrad denarar, den andre femti.

42  Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han dei båe skuldi. Kven av dei vil no elska han mest?

43  Eg tenkjer, den som han ettergav mest, svara Simon. Du dømde rett, sa Jesus.

44  So snudde han seg mot kvinna og sa til Simon: Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte føtene mine med tåror, og turka dei med håret sitt;

45  Du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føtene mine frå den stund eg kom inn;

46  Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med myrrasalve.

47  Difor segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange syndene hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.

48  So sa han til henne: Tilgjevne er syndene dine!

49  Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: Kven er han, som jamvel tilgjev synder?

50  Men han sa til kvinna: Trui di hev frelst deg. Gakk heim, og lev sæl!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23